Stenes påstandar er ikkje korrekte, og det er ukjent for DnB NOR kvar han har fått talet 26 prosent frå. Gjensidige NOR, som i 2003 fusjonerte med DnB og endra namn til DnB NOR, har i årevis tatt del i ein dugnad saman med norske sparebankar og NRK for å avvikle TV-aksjonen. Tidlegare vart DnB NOR kompensert for arbeidet i form av innskotsmargin for dei innsamla pengane, men etter kritikk frå media innførte bankane i staden ein pris for tenestene. Prisen dekker mellom anna handtering av kontantar, tryggingstiltak, rapportering til NRK og annan administrasjon. I tillegg tek DnB NOR del i arbeidet med å profilere TV-aksjonen over heile landet. Prisen DnB NOR og andre norske sparebankar tek for dette arbeidet utgjer om lag 6-7 prosent av dei totale kostnadene til TV-aksjonen, og ein svært liten del målt mot pengane som vert samla inn. Ingen andre kundar får tilbod om tilsvarande tenester, og DnB NOR hadde ikkje teke på seg arbeidet om det ikkje hadde vore for den langvarige relasjonen banken har med TV-aksjonen.
DnB NOR er Norges største finansinstitusjon og har 180 års historie som ansvarleg samfunnsaktør, ikkje minst gjennom å vere til stades i norske lokalsamfunn. Banken er mellom anna sponsor for norsk idrett og kulturliv og støttar Plan Norge og Nobels Fredssenter i deira internasjonale arbeid. Gjennom samarbeidet med TV-aksjonen ønskjer DnB NOR å gjere sitt for at dei administrative kostnadene vert haldne på eit lågt nivå, og at ein størst mogeleg del av dei innsamla pengane kjem mottakarane til gode.
Morten Skauge
Informasjonsdirektør DnB NOR
TV-aksjonen og DnB NOR
Stenes påstandar er ikkje korrekte, og det er ukjent for DnB NOR kvar han har […]