Ope brev til ordføraren i Vindafjord: Arbeidet med å tilretteleggje 20 – 25 nye tomter på Søndenåfeltet i Vikedal, er nå i full gang.
Dette er positivt, då det var mangel på ledige tomter og mange som ynskjer å busetje seg i bygda.
Dei fyrste tomtekjøparane vart for kort tid sidan orienterte om prisane på desse tomtene. Dette vart ein ubehagelig overrasking.
Tomtekjøparane var førebudde på at tomtene skulle seljast til kostpris. Det kan sjå ut som desse kommunale tomtene kjem på omkring 340.000 kroner.
Nå kan det også sjå ut som det er lagt til kostnader som etter mi meining ikkje har noko med kostprisen på tomtene å gjære.
Sikringsvoll
Det viser seg at det var naudsynt å setje opp ein 4 meter høg sikringsvoll med tanke på steinras, også i denne delen av Søndenåfeltet. Denne vollen har ein kostnad på 500.000 kroner.
Vollen vil verne omlag halvparten av dei nye tomtene i denne delen av feltet. Den vil også verne hus som alt er bygde i ein tidligare byggjefase. Kostnadene er det desse nye tomtekjøparane som skal bære, medan eksisterande huseigarar ikkje blir kostnadsbelasta.
Det kan ikkje være rett at disse nye tomtekjøparane skal koste denne vollen.
Det må også setjast opp sikringsvoll på den del av Søndenåfeltet som vart utbygd på 80-talet. Tomteeigarane her vil ikkje kunne verte kostnadsbelasta med dette.
Når Søndenåfeltet vart planlagt, får ein gå ut frå at dei nødvendige geologiske undersøkingane md tanke på ras vart gjort. Når det likevel viser seg i ettertid at det er rasfare, er dette ein kostnad kommunen ikkje må leggje på eit lite mindretal av dei som bur i dette byggjefeltet, og som ynskte tomt tilfeldigvis når dette med rasfare nå vart stadfesta.
Denne kostnaden må kommunen bære.
Vatn og kloakkavgift
Byggjemodningskostnadene som veg, vatn og kloakk, er kostnadsrekna til 230.000 kroner. Dette er kostnadene med å leggje fram mellom anna vatn og kloakk.
Så kjem i tilegg dei kommunale tilknytingsavgiftene på vatn og kloakk på 50.912 kroner. Kvifor skal tomtekjøparane betale for vatn og kloakk to gonger?
Då innbyggjarane i Vikedalsosen i starten av 80-talet knytte seg til det kommunale kloakknettet, var det dei kommunale tilknytingsavgiftene som var gjeldande. Kostnadene med å legge ny vatn- og kloakkleidning kom ikkje i tilegg, men desse kostnadane var innbaka i tilknytingsavgifta, som rett er.
Når vedtok kommunestyret at vatn- og kloakkostnadene skal betalast to gonger, som for tomtekjøparane i Søndenåfeltet 3?
Før Vindafjord og Ølen vart slegne i saman, var disse tilknytingsavgiftene av vatn og kloakk relativt moderate. Etter kommunesamanslåinga vart desse avgiftene for Vindafjord og Ølen, summerte i saman, men det kan sjå ut som det er gløymt å dele dei på to.
Et av hovudargumenta med kommunesamanslåinga var å spare pengar, her kan det sjå ut som det er det motsette som hender i praksis.
Skogsveg
Ein av grunneigarane som avsåg grunn til Søndenåfeltet, vart lova ein skogsveg som ein del av oppgjeret. Denne skogsvegen skulle vore bygd for mange år sidan. Nå i den nye utbygginga av feltet, vart denne skogsvegen endeleg bygd. Kostnadene, jo, heilt rett, den er det dei siste tomtekjøparane som må bere.
Desse tomteprisane til kostpris har ikkje noko med det ein kan forvente vart lagt i begrepet kostpris. Her er det store kostnadar frå tidligare etterlatenskapar, som kommunen ser ein sjanse til å få dekka inn.
Unge i etablering
Det er skuffande å sjå at kommunen nytta seg av ein pressa tomtetilgang til å leggje ekstrakostnader til desse siste tomtekjøparane. Kostnader med sikringsvoll og skogsveg og dobbel vatn- og kloakkostnader, er kostnader kommunen skulle halde seg for god til å leggje på unge innbyggjarar som prøver å etablere seg i bygda, og vil vere kommunen sine skatteytarar i åra som kjem.
I tilegg til høge prisar på tomtene, lyt tomtekjøparane forplikte seg til å halde leikeplassar og friområde i stand, i form av dugnad.
For inntil eitt år sidan låg tomteprisane i Søndenåfeltet på frå 100.000 til 150.000 kroner. I dag ligg dei nye tomteprisane på 340.000 kroner, og enkelte tomter endå høgare. Det er ein formidabel prisstigning på tomter i det same byggefeltet.
Då eg kjøpte kommunal tomt i Søndenåfeltet i 1979, var tomteprisen 45.000. Etter den tid har timelønna firedobla seg, og tomteprisane i same byggefelt er bortimot åttedobla.
Skjønar godt at ein gjekk bort frå det gamle ordspråket i Vindafjord, der det heite: «Graset er grønast i Vindafjord».
Erling Halleraker, Vikedal.