— Uakseptabelt

— Dette er eit hån, det er ikkje rart at vanlege folk mistar tillit til […]

— Dette er eit hån, det er ikkje rart at vanlege folk mistar tillit til det offentlege! Først riv dei ned hus også stoppar dei opp arbeidet. Dette er så grovt at me kan ikkje akseptera det, seier ordførar Arne Bergsvåg.
Han er svært skuffa over måten Statens Vegvesen har handtert denne saka.
— Kommunen er ikkje blitt orientert i saka, eg måtte finna ut av dette gjennom å lesa avisa. Det går ikkje an å oppføra seg sånn, eg er rysta, seier Arne Bergsvåg.
Skal følgjast opp
Arne Bergsvåg lova i tysdagens kommunestyremøte å følgja denne saka opp, og det har han gjort.
— Eg har kontakta både distriktsvegsjef Astrid Eide og fylkesutvalet, og gitt klar beskjed om kva eg synes om dette. Eide lova å senda kommunen meir informasjon, og at ho skulle sjå nærare på saka. Sjølv om eg gav ho ei svært tydeleg melding om at dette ikkje vert akseptert, har eg ein god dialog, med både ho og fylkesutvalet. Eg har grunn til å tru at Astrid Eide kjem til å jobba for gong og sykkelstien i Skjold. Dersom denne klaga ikkje når fram, kjem eg til å gå til departementet, seier han.
Ressurskamp
Strekninga i Skjold er ein del av stamvegrutenettet mellom Haugesund og Drammen, og må konkurrere med langt større prosjekt enn det distriktsvegprosjekt må.
— Me konkurrerar med strekningar som Vintertun og Haukeli, det er tøff kokurranse. Sidan dei no har gitt potten, som skulle brukast i Skjold, til Grindekrysset i Tysvær, er det no heilt uvisst om det er rom for vårt prosjekt i budsjettet. Dette er uakseptabelt, gong og sykkelstien i Skjold var vedtatt, og det er trass alt ikkje snakk om så store beløp, seier han.
Samstundes forstår han situasjonen til distriktsvegsjef Astrid Eide.
— Ho synes sikkert dette er like kjedeleg som oss. Dette er ein typisk ressurskamp, seier han.
— Statens Vegvesen skuldar på prisauke, kva seier du til det?
— Det er klart at det har vore ein stor prisauke, men når det er prisauke må dei følgje opp med større løyvingar. Det er vanleg prosedyre å ta høgde for prisauke, når ein set opp eit budsjett. Det er ein unnskyldning som me ikkje kjem til å akseptera, seier Arne Bergsvåg.

Les meir i papiravisa.