Når eldrerådsleiar Dominikus Bjordal kallar det mangel på respekt for dei eldre å ta opp igjen spørsmålet no, er det ikkje vanskeleg å vere samd i vurderinga hans. Det er ein omkamp som blir ført i pennen av ein administrasjon som tapte på grunn av eldreopprøret.
Det er kome eit nytt kommunestyre sidan sist saka var oppe, men det er i seg sjølv ikkje grunn til å ta ho opp igjen. Også i forrige runde hevda administrasjonen at det er pengar å spare, men politikarane var ikkje overbeviste om at det var den store revolusjonen for kommunen, og valde heller å lytte til dei eldre.
Den direkte årsaka til at oppvarma mat dukkar opp igjen, er at eit lokalt firma vil etablere eit storkjøkken for leveransar av kok-kjøl-mat til institusjonar.
Dersom det er eit relevant argument for å reise saka på ny, er det ei samanblanding av næringspolitikk og omsorgspolitikk. I tillegg er det ikkje sikkert at dette firmaet vil vinne konkurransen om å levere middagsmat til institusjonane i kommunen.
Det er grunn til å stille spørsmål ved at ein blandar korta på denne måten.
Kommunestyret bør difor parkere dette samrøret, og gi dei eldre fred. Det er også all grunn til å tru at politikarane ser at dette er ei dårleg sak. For dei eldre betyr det lite at maten dei helst ikkje vil ha, kjem frå eit lokalt selskap.
Skal politikarane skape nytt bråk om middagsmaten, må dei gjere det på prinsipielt grunnlag, og ikkje fordi dei kanskje kan få kok-kjøl-mat frå eit lokalt selskap som vil inn på denne marknaden.