Uklart om undervisningsmidlar til Sandeid fengsel

Det var då justisministeren sist veke besøkte Sandeid fengsel at han ifølgje Haugesunds Avis lova […]

Det var då justisministeren sist veke besøkte Sandeid fengsel at han ifølgje Haugesunds Avis lova pengar til undervisningsavdeling. Då Grannar prøvde å få ein kommentar frå justisministeren ville ikkje justisdepartementet svara, men viste i staden til kunnskapsdepartementet.
Det er nemleg kunnskapsminister Øystein Djupedal som løyver pengane justisministeren lova bort til fengselet i Sandeid. Kunnskapsministeren løyver pengar til ymse undervisningsinstitusjonar og tiltak landet over, men meiner det er for tidleg å seia om Sandeid fengsel vil vera blant dei som får tilskot til å oppretta ei eiga undervisningsavdeling.
Fylkesmannen fordeler
— Kunnskapsdepartementet har sett av 160 millionar og 860.000 kroner til tilskot i opplæring for neste år. Stortinget skal gjera det endelege budsjettvedtaket. Den eventuelt godkjente summen vert vidare delegert til Fylkesmannen i Hordaland, som skal stå for fordeling av midlar til fengsel i heile landet. Difor er det ennå for tidleg å seia at Sandeid fengsel vert eit av dei som vert tildelt pengar, opplyser kunnskapsminister Øystein Djupedal.
Kunnskapsministeren strekar under at hans fråsegn ikkje er ei nekting eller avfeiing av det justisminister Knut Storberget sa til Haugesunds Avis, berre ei opplysing om Kunnskapsdepartementet sine rutinar i den type saker.
Fengselsleiar Olav Gjil vil ikkje kommentera justisministeren sitt løfte overfor Grannar. Han vil heller ikkje uttala seg om byggeplanar for Sandeid fengsel før det eventuelt vert løyvd pengar frå Fylkesmannen i Hordaland.