Uklok avgjerd av valstyra

Dermed får ein heller ikkje vite resultatet i dei ni krinsane. Dette er ei uklok […]

Dermed får ein heller ikkje vite resultatet i dei ni krinsane. Dette er ei uklok og uforståeleg avgjerd som valstyra bør revurdere.

Det har offentleg interesse korleis veljarane i dei to kommunane stemmer når ein skal smelte to kommunar saman til ein. Det gir kunnskap både om kommunesamanslåinga og korleis veljarane handlar i eit val der dei skal inn i ein fusjonert kommune. Det blir lagt lokk på informasjon og kunnskap av allmenn interesse. Det er det same som om ein i stortingsvalet ikkje skulle få vite resultatet i den enkelte kommune.
Politikarane tar difor andre omsyn enn å få fram fakta om korleis veljarane reagerer og opptrer i valet. Det er ei overstyring av valresultatet som ein faktisk ikkje burde vente i eit ope samfunn der fri flyt av informasjon og kunnskap er ein viktig del av demokratiet.
Politikarane kan ikkje skjule seg bak at det er praktiske ulemper som er bakgrunnen for vedtaket.

Politikarane er rett og slett imot å offentleggjere resultatet etter dei gamle kommunegrensene. Den reelle årsaka er at dei ikkje vil gi frå seg eit materiale som kan vise forskjellar mellom dei to kommunane, eller at bygdene stemmer forskjellig.
Målet er sannsynlegvis å gi inntrykk av idyll og fellesskap i kommunesamanslåinga. Det er å føre folk bak lyset når publikum ikkje får innsyn i realitetane og med det kan gjere sine eigne vurderingar. I Ølen har ein fått tilgang til krinsresultata både under fylkesskiftevalet, valet om kommunesamanslåing, det direkte ordførarvalet og i det ordinære kommunevalet. Det har gitt innsikt og kunnskap om lokaldemokratiet som ein også bør få i nye Vindafjord.