Under same tak

Haugaland landbruksrådgjeving, TINE og Vindafjord avløysarlag flytta inn i kontorlokala i andre etasje ved Ølen […]

Haugaland landbruksrådgjeving, TINE og Vindafjord avløysarlag flytta inn i kontorlokala i andre etasje ved Ølen Senter tysdag i sist veke. I dag kjem også Vestskog, og då tel arbeidsstaden ti personar. Men det skal bli fleire. Tveit Regnskap kjem med fire, i tillegg skal TINE ha inn to til. Også Vindafjord kommune har ein kontorstad.
Vindafjord er den femte største landbrukskommunen i landet når det gjeld husdyrhald.
Dei fem tilsette som var på plass då Grannar vitja dei nye lokala fredag, rosa kommunen si satsing på Landbrukets Hus.
— Me er kjempenøgde, skryt dei.

Samlar fagmiljøet
— Det gir eit positivt signal ut mot bonden, at det han gjer er bra for kommunen, seier Anja Våg Skjold i Tine Vest, om satsinga som nå er i gong.
Fleire hovud på same stad frå ulike landbruksfaglege organisasjonar gir positive verknader.
— Det er veldig viktig for fagmiljøet og det er mykje meir inspirerande å jobba i eit slikt miljø, seier Våg Skjold.
— Også for bøndene er det viktig at fagmiljøet blir oppe og går, og at bøndene får ein samla plass å henvenda seg, seier Gudveig Håland, leiar i Vindafjord avløysarlag.
Likevel legg dei ikkje skjul på at dei gjerne ville hatt landbrukskontoret med på flyttelasset.
— Eg synest det er synd at landbrukskontoret ikkje er her, seier Håland.
Gunnar Dalen har vore prosjektleiar for Landbrukets Hus, og er nå styreformann. Han har ei høg stjerne blant gjengen.
— Viss det ikkje hadde vore for han, hadde me ikkje sete her i dag, meiner Magne Økland i Tine Sør.

Informasjon
Dei nye lokala utgjer 375 kvadratmeter, og kvar etat har fått vore med og utforma korleis dei ynskjer å utnytta arealet. Etter flyttinga sist tysdag er framleis ikkje alt på plass, men det nærmar seg.
Håland håper at ein positiv følgje av å ha fleire organisasjonar samla er at informasjonen ut til bøndene kan samordnast betre.
— Eg trur mange bønder føler at dei druknar i informasjon og eg trur me nå kan samordna den betre, seier Håland.
Landbrukets Hus er organisert som eit aksjeselskap der Vindafjord kommune, Vindafjord landbruk, Ølen samyrkelag, Haugaland landbruksrådgjeving, Berge Sag Gruppen, Fatland A/S og Vindafjord avløysarlag er aksjonærar.