— Det var kjekt, men tungt i bakkane, sa Louise Årthun Bergane frå Matre IL etter løpet laurdag.
10-åringen var likevel ikkje skremt av det tunge terrenget.
— Eg kjem til å bli med fleire gonger, lova Louise.
Også broren hennar Vegard (12) stilte opp i løpsklassen.
— Det var tungt. Eg hadde vondt i magen heile tida. Eg spydde, seier Vegard, som også var med for to år sidan.
Turen startar på Hålandsheio 325 m.o.h og toppen ligg på 655 m.o.h.
Ligg i familien
Ingen tvil om at søskenparet Louise og Vegard har noko å slekta på. Pappa Bjørn Rune Bergane vann løpet for to år sidan og mamma Marit Årthun har løyperekorden for kvinner. Ho måtte vera heime i år på grunn av skade, men resten av familien stilte opp i turklassen, inkludert Magne (4) og Ruth Solveig (7) Årthun Bergane.
Trass i Magne og Ruth Solveig sin unge alder, var det ikkje første turen på Hålandshovda. Søskena gav uttrykk for at dei likte seg.
— Det er bra, seier Ruth Solveig.
— Me har vore her mange gonger, seier pappa Bjørn Rune.
Frå Hålandshovda kunne familien frå Åkra sjå heilt heim.
I herreklassen gjekk Lars Håkon Ramstad (16) av med sigeren på tida 16.52.
Frisk vind
Terrenget er bratt opp mot Hålandshovda og dei fleste valde å gå opp slik som Unny og Per Henden frå Haugesund.
— Me har vore her før så me er kjende med løypa og veit kor dei bratte bakkane er, ler Per Henden.
Oppå toppen blæs det friskt, difor var folk raske med å skriva namnet sitt i boka og finna vegen ned igjen.
— Det er godt med frisk luft og god utsikt. Me likar å sveitta og ta oss litt ut, men det var kaldt oppå her, seier Per.
— Det er kjekt med litt organiserte turar. I dag hadde eg aldri gått viss det ikkje hadde vore organisert, seier Unny og skryt av tiltaket.
Ikkje rekord
Arrangørklubben IF Klypetussen hadde håpa å slå den gamle deltakarrekorden på 98, men med 63 deltakarar (19 i løpsklassen) klarte dei ikkje det.
— Frammøtet var bra sjølv om me hadde håpa på endå fleire. Det var veldig blautt og vêret har nok skremt folk litt, seier Gisle Sellevold om løpet som blei arrangert for femte gong.
— Trur du løpet var for seint på året?
— Me skal vurdera det. Det er kanskje litt større sjanse til å få tørrare grunn viss me har det tidlegare, seier Sellevold.
Ung debutant på Hålandshovda
— Det var kjekt, men tungt i bakkane, sa Louise Årthun Bergane frå Matre IL […]