Ung kunst utseld første kvelden

— Eg har måla heilt frå eg var lita, seier Vikebygd-jenta, som i fjor vart […]

— Eg har måla heilt frå eg var lita, seier Vikebygd-jenta, som i fjor vart ferdig med VKII teikning, form og farge ved Haugaland videregående skole.
Ho er den yngste av fire amatørkunstnarar som har fått mogelegheita til å stilla ut arbeida sine på Gamle Slaktehuset i Haugesund, og har fått svært gode tilbakemeldingar på det ho hadde å visa fram.
— Eg har berre fått positiv respons. Det er kjempekjekt og har gitt meirsmak, seier ei blid Malin, som gjerne kunne tenka seg å driva med kunst på heiltid
Fungerande kulturhusleiar på Gamle Slaktehuset, Gro Verpe, fortel at dei fungerer som ein formidlar av det unge, nye og kreative, og har berre godt å seie om Malin.
— Det er heilt tydeleg at det var eitt eller anna med bileta hennar. Folk kom ned igjen ekstra for å sjå nærmare på dei, seier ho og legg til at det er mange som har vore skuffa når dei fekk høyre bileta var utselde.

Dristige fargar
Det har vore travle tider for Malin etter ho takka ja til å ha utstilling. Alle utanom to av bileta har ho måla med tanke på utstillinga, det siste vart ikkje klart før kvelden før opninga. Men så vart det også mykje skryt for arbeidet.
— Ein ting som er fint med utstillinga er at den er veldig heilskapleg. Profesjonelt gjort, konstaterer Verpe.
Måleria til Malin er alle fargesprakande med sterke raude, gule og blå fargar. Inspirasjon har ho og henta frå siste året på vidaregåande då dei fekk prøve seg på aktmåling etter levande modellar.
— Eg er veldig glad i fargar, så det er berre sterke fargar eg har brukt her, seier ho og trur det nok er fargebruken hennar som har appellert mest til kjøparane.
— Bileta mine er fargesterke. Gladbilete som folk kan ha lyst til å henge på veggene sine, seier ho.
Og frå dei  som ikkje sikra seg eit  bilete frå utstillinga, har ho allereie fått inn eit  par bestillingar. Den eine med instruksar om å bruke akkurat same raudfargen som i utstillinga.
Malin håpar dette kan vere starten på fleire utstillingar, for det å vere utstilt kunstnar har absolutt gitt meirsmak. Til hausten vil ho forsette med kunsten sin på skulebenken på faglærarlinja for kunst og handeverk på Notodden.  Og for dei som gjerne kunne tenke seg eit bilete frå den lokale kunstnaren, kan ho fortelje at ho sikkert vert å finne på julemessa i Vikebygd. Gamle Slaktehuset vil gjerne forsette å fremje unge kunstnarar og er på jakt etter fleire amatørutstillarar utover hausten.