Ung mann omkom i bilulukke

Klokka 06.21 søndag morgon, fekk politiet melding frå ein trafikant om at ein bil låg […]

Klokka 06.21 søndag morgon, fekk politiet melding frå ein trafikant om at ein bil låg med hjula opp i Frølandsvatnet i Tørsdal. Vel ein time etter var luftambulansen med froskemann på plass og henta opp den omkomne mannen. Mannen var aleine i bilen. Den unge mannen høyrde heime i Suldal kommune. Bilen vart henta opp frå vatnet 08.30 søndag morgon.
Det var ingen bremsespor etter bilen i vegbana, men det var hjulspor i terrenget mot vatnet.
Ukjend årsak
I går ettermiddag hadde politiet få spor å gå etter.
— Me står på bar bakke når det gjeld årsaka. Bilen, ein Nissan pickup, er teken inn til tekniske undersøkingar og den omkomne skal inn til rutinemessig obduksjon, seier Harald Myklebust, operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt. Ulukka har skjedd ein gong etter midnatt. Noko nærare tidspunkt kan ikkje slåast fast før ytterlegare undersøkingar er gjort. På grunn av at ikkje alle i familien var blitt informert om ulukka, gjekk ikkje politiet ut med namnet på den omkomne i går ettermiddag.