Ungdommane svikta i Sandeid

— Ungdommane klagar på at ingenting skjer for dei som er under 18 år, likevel […]

— Ungdommane klagar på at ingenting skjer for dei som er under 18 år, likevel stiller dei ikkje opp når me lagar til noko. Berre 50 ungdommar kom på fredag, seier ein av dei skuffa arrangørane, Asbjørn Larsen.
Det er berre å stille spørsmålsteikn med kvifor ikkje fleire dukka opp. Opplegget for kvelden var skreddarsydd for ungdom. Kvelden opna med eit fyrverkeri av eit danseshow. Andreas Tolås og Dag Olav Kolltveit frå Haugesund, gjennomførte to breakdanceshow til tjue i stil. Dei frammøtte klappa takta til spenstige og til tider nesten umenneskelege krumspring. Etter danseoppvisninga, spela Hard Bargain Band opp til dans. Blues/rockgruppa har tidlegare spela på Notodden Bluesfestival, og har allereie gjort stor suksess, til trass for sin unge alder. Bandet har nok opplevd livlegare kveldar på jobb, sidan dei måtte spela for eit svært glissent publikum i Sandeid. Det var nok mange som undra seg, over kvar ungdommane var på ein slik kveld.

Takksam ungdom
Det var nokon ungdommar som kjente si besøkstid, og dei var veldig glade for arrangementet.
— Det er veldig kjekt at nokon gidd å laga til noko for oss som ikkje er 18 år, seier Greta Nesheim, og får brei støtte frå dei andre.
Søstera Lisa Nesheim er fylt 18, men synes likevel at tiltaket er positivt.
— Det er veldig bra, men eg må innrømma at den største grunnen til at eg er her i kveld er dei flinke dansarane. Han eine er berre så fine!, seier ho.
Dei andre jentene rundt bordet er veldig einige i den konklusjonen og gler seg til neste danseoppvisning.

Ei flott storstove
På laurdagen var det den litt eldre generasjonen som fekk høve til å innvia det «nye» samfunnshuset.
— Det var meir liv på laurdagen, då vil eg tippa at det var bortimot 150 innbetalande, seier Asbjørn Larsen.
Etter åtte månadar med intens dugnadsjobbing, framstår Sandeid Samfunnshus som ei innbydande og svært moderne storstove.
— Me er svært takksame for all den dugnadshjelpa me har fått. Til saman har me spart inn 330 000 kroner på denne innsatsen. Alle har vore svært positive til å hjelpa oss, seier Olaug Mari Øen, styreleiar for Sandeid Samfunnshus.
Planane om å utbetra samfunnshuset starta for sju år sidan.
— Det har teke lang tid, men nå når me ser resultatet, er det verdt alt strevet. Me har fått eit selskapslokale, som berre etter ein månad er blitt flittig brukt, nye toalett og garderobar, flott bar, og i kjellaren kjem det skytebane til hausten, seier leiar i Sandeid UL Fram Teater, Jostein Apeland.
I alt er påbygget på 200 m2, og investeringa er på mellom 4 og 5 millionar kroner.
— Me har fått mykje økonomisk støtte, og blir svært takksame for meir. På gåvetelefonen, som framleis er open, har me til no fått inn omlag 100 000 kroner i frå privatpersonar, det er rett og slett heilt fantastisk! Bedrifter har også vore me å støtta oss, og eg synes det er verdt å nemna Sandeid Handelslag, som spytta 400 000 kroner inn i prosjektet. Tusen takk! Ein anna gjeng som fortener stor takk er det spreke og unge styret, som har lagt ned ein enorm innsats, seier Jostein Apeland.

Saknar hjelp
Jostein Apeland synes godt at kommunen kunne vore med på dugnaden, ikkje berre i Sandeid, men på alle «folkehusa» rundt i kommunen.
— Når ein ser på kor mykje desse husa betyr for innbyggjarane i kommunen, synes eg det berre ville vore rett og rimeleg, at kommunen sponsa slike hus med å spandera dei kommunale avgiftene. Dersom politikarane, som snakkar så fint om å satsa på levande bygder, hadde sletta desse enorme utgiftspostane for bedehus, samfunnshus og andre «dugnadshus», ville det ikkje vore eit slit å få endane til å møtas. Då kunne me heller brukt tida vår på å arrangert fleire ting, som hadde fått liv i bygdene!, seier Jostein Apeland.