Ungdomshuset Ljoshall 1926 – 2005

Dei fleste skjøna nok at det var snakk om ungdomshuset Ljoshall. Det var dét som […]

Dei fleste skjøna nok at det var snakk om ungdomshuset Ljoshall. Det var dét som gjekk opp i flammar. Men skrekken var ikkje mindre for dei som trudde det var samfunnshuset. Særleg i grannebygdene måtte dei tru det. Ein kan undrast på kva som var grunnen til at ordet «ungdomshuset» ikkje vart brukt i denne samanheng slik at folk fekk klår melding om kva hus som brann.
Ungdomshuset i Etne vart bygt i 1926, og søndag 5. desember same året hadde dei stor innviingsfest, med 300 deltakarar, i det nye Ljoshall. Jon Moe hadde teikna huset, og Knut Fosse hadde bygt. På festen var det tale av m. a. ordførar Øystein Grønstad og soknepresten Flåtten, og Georg Nervik helsa frå ungdomslaget Daggry, og ynskte laget i Etne til lukke med det nye huset og det fine namnet!
Gjøa Gjerde (1907 – 1928) skreiv referat frå festen og slutta av med følgjande setning, som ho hadde sett ein strek under: «Dette var ein minnerik dag i Fram ungdomslag si soga». Ungdomane hadde samla pengar i fleire år og hadde sett fram til den dagen dei kunne ha sitt eige hus.
Måndag 5. desember 2005 – på dagen 79 år etter innviingsfesten – vart huset øydelagt av brann. Mange tankar med vemod går tilbake til gamle Ljoshall.
Etne bygdeboknemnd har laga ei fotobok som er til sals i desse dagar. Framsida på omslaget er nettopp gamle Ljoshall. Merkeleg er det at medan boka er til innbinding i Skien, brenn huset ned. Inne i boka er det fleire bilete frå Ljoshall, m. a. eitt frå innviingsfesten.

Ingolv Vevatne