Unge med mange oppgåver

Dei yngste er ti år og dei eldste 18 –19 år. Det er imponerande å […]

Dei yngste er ti år og dei eldste 18 –19 år. Det er imponerande å sjå alt det dei arbeider med og interesserer seg for. Frå baking til fotografering, frå bilcross til ballettdans, frå fotball til jakt og friluft, for å nemna ein liten flik av mangfaldet.

Freidig 4H i Vats har i år 59 medlemmer og er ein av dei største 4H-klubbane i Rogaland. Og i 4H nyttar det ikkje å slengja innom av og til. Her må du delta aktivt. Du må velja ei oppgåve kvart år som du arbeider med og stiller ut til dømming om hausten. Alle dei 59 medlemmene i Freidig 4H i Vats hadde såleis kvar si oppgåve på utstillinga laurdag. For å få plass var det utstillingar langs alle veggene i hallen og inne i storsalen. Der var oppgåvene sirleg utstilte og presenterte.

For å repetera litt om kva 4H står for, slo me opp i leksikon. Der står det at 4H-rørsla er ein upolitisk ungdomsorganisasjon, som gjennom praktiske oppgåver skal stimulera til eit klart hovud, varmt hjarte, flinke hender og god helse i aldersgruppa 10 til 19 år. Emneområda er innan landbruk, husstell, natur- og miljøvern og organisasjonsarbeid. 4H-rørsla starta i USA omkring 1900 og kom til Noreg i 1926 under namnet Jordbruksklubber. Frå 1956 under namnet Norske 4H.

Det står respekt av at så mange unge er medlemmer i 4H i dag når det er så mykje som konkurrerer om interessene og tida deira. Men det viser at dei unge er opptekne av meir enn berre leik og moro, noko dei ofte blir skulda for. Men for å halda på medlemmene og rekruttera nye, er det heilt avgjerande at det er vaksne leiarar som held det heile i gang. Dei er heldige dei bygdene som har ein 4H-klubb der dei unge kan læra og arbeida under mottoet med dei fire H-ane.