Unge og stolte vinnarar

Det blei ein stor dag for den private vidaregåande skulen i Vindafjord då Ung Entreprenørksap […]

Det blei ein stor dag for den private vidaregåande skulen i Vindafjord då Ung Entreprenørksap i Nord-Rogaland før helga kåra dei beste forretningsplanane til dei mange ungdomsbedriftene (UB) i regionen. Og heilt til topps gjekk Risiko UB.
— Dette var kjempeflott. Greitt var det også med ein sjekk på 5.000 kroner til vidare drift av bedrifta, seier etnejenta Anna Josefine Baustad som er salssjef ved Risiko UB.

Tryggleik
Juryen, som bestod av representantar for Nordea, Haugaland Vekst IKS og Haugesundregionens Næringsforening, fall ikkje berre for forretningsplanen til Risiko UB. Også dei to andre deltakarane ved Lundeneset kunne reisa heim frå Haugesund med diplom og pengepremie.
Ullstriksen UB tok andreplassen (3.000 kroner) og Deal Supreme UB tredjeplassen (2.000 kroner). Ullstriksen hjelper elevar og tilsette på Lundeneset med å halda varmen og hjelpa dei slik at dei slepp å brenna seg på hendene, medan Deal Supreme importerer og sel billige gadgets frå Kina. 
Vinnaren marknadsfører og sel tryggleiksboka «Når åpenhet ikke er nok» av Knut I. Tønsberg frå Nesodden. Boka tar opp kommunikasjon om risiko til publikum og presse.

Klar plan
— Me kom i kontakt med forfattaren fordi sonen går på Lundeneset. Målet er å selja hundre bøker, og me er godt i gang, fortel Anna Josefine Baustad.
Risiko UB har alt seld 20 av produktet sitt, blant anna til sjukehuset i Haugesund, fleire større bedrifter i Ølensvåg og til Etne kommune. Strategien er klar.
— Mange er skeptiske til ungdomsbedrifter. Difor har me brukt mykje tid på å utarbeida eit godt konsept slik at me lettare skal få innpass, seier salssjefen, som har tenkt å utdanna seg til sosionom eller pedagog.
Med seg i bedrifta har etnejenta Vegard Øvrevik (dagleg leiar) frå Ølensvåg, Preben Solvang (marknadssjef) frå Erfjord og John Christian Austerheim, Tysvær. Dei har fått god hjelp av lærarane Dagfinn Våge og Gunstein Koch.

Finansusroa
Ungdomsbedriftene startar opp om hausten og skal gjennomføra sin forretningsplan i løpet av skuleåret. Før elevane tar sommarferie neste år skal selskapet avviklast. I dette skuleåret har sju av ti vidaregåande skular på Haugalandet sine ungdomsbedrifter som pedagogisk undervisningsområde. Totalt 20 UB-selskap i nordfylket var invitert til å delta i konkurransen til Ungt Entreprenørskap.
Dei tre beste blei torsdag i førre veke inviterte med tre representantar kvar til Haugesundregionens Næringsforening (HIN) sitt julemøte. I tillegg til lunsj og premiar, fekk dei eit føredrag frå Nordea om finansuroa.