Ungkarane held fest

— Me var i tvil om me skulle våge oss på dette stykket. Språkbruken er […]

— Me var i tvil om me skulle våge oss på dette stykket. Språkbruken er nokså frisk, seier Jostein Apeland, instruktør og regissør for Sandeid U.L si oppsetjing.
Stykket heiter «Ungkarsfesten, og det er skrive av sogningen Norvald Tveit.
— Han laga det i 1985. Det blei spelt på Den Nasjonale Scene i Bergen 1999, og på Det Norske Teateret i Oslo i 2003, så det er først i det siste at det har blitt aktuelt, held instruktøren fram.
Aktuell komedie
Teaterstykket er ein komedie med djupare undertonar. Settinga er velkjend: ei bygd med flust av ungkarar og underskot på damer. Når det blir sommar kjem kvinnfolk både med og utan tilknyting til bygda reisande, og spenninga i kvardagen til ungkarane aukar. Apeland lovar både fest, intriger og sjalusi når det viser seg at alle mannfolka har blinka seg ut den same dama. Ungkaren Georg, som har ei fortid i Fylkesbaatane, stikk seg fram og tar mykje av styringa.
— Det er ein bra komedie med aktuelle tema, kommenterer Apeland.
Han har gjort nokre små grep med stykket og slanka det litt, men ikkje meir enn at framsyninga i Sandeid varar i kring halvannan time. Og den direkte og usminka språkbruken har regissøren halde på.
Til Suldal
Dei ni skodespelarane har øvd sidan i haust. Fleire har vore på teaterscena i Sandeid før, men to debutantar er også med i årets stab: Aud Johanne Hustveit og Sølvi Holte.
— Og så har me ein veldig bra gjeng med oss bak scena, framhevar Apeland.
Premieren blir neste laurdag, med to nye framsyningar helga etter. Til to av framsyningane blir det mat i førekant og dans etterpå i samfunnshuset i Sandeid.
— Me byrja med det i fjor, og det slo godt an, kommenterer Apeland.
Han trur førestillinga vil passe godt for eit feststemd publikum.
Ein turné til ungkarsbygda Suldal står på programmet etter at skodespelarane har hatt ei helg fri.