Kven hugsar ikkje Arne Scheie si klassiske kommentarstemme til bilete frå fotballbanane i Etne? Og kven trekte ikkje på smilebandet då lagbussen køyrde «gamlevegen» mot Skånevik då han var på veg til Haugesund? Over fem år er gått sidan Etne var location og lokale namn dominerte rulleteksten på filmlerretet over heile landet. Og etter at «United» gjekk ein aldri så liten sigersgang i kinosalane i 2003, får dei lokale fotballheltane som var med, framleis påminningar om skodespelarinnsatsen dei gjorde.
— For tre månadar sidan var eg i Ølen, og blei stansa av nokre born. «Var ikkje du med i den United-filmen», lurte dei på, fortel Kristian Ness, som tidleg på ungdomsskulen tok eit lite steg inn i filmverda som «Scholes».
Gav seg på topp
Saman med den gong skodelspelar- og klassekameratane Kenneth Karlsen, Vegard Dyrseth, Eivind Aastvedt, Espen Heggelund, Lars Øvernes, og Sondre Sørheim gjorde han si første – og truleg siste – innsats for den store skjermen. Men litt kjendisstatus klarte gutane likevel å sikra seg.
— Me hugsa blant anna at me også blei gjenkjende på fotballcup i Haugesund like etter filmen. Me hadde ein del både små kvinnelege og mannlege beundrarar då, ler gutane.
Likevel er det ikkje mange divanykker å finna hos dei nå vaksne spelarane. Med unntak av noko innsats i sogespelet «Kongen frå Etne» for nokre av gutane, har ikkje skodespelartilboda vore direkte påtrengande etter «United». Men skodespelargesjefta gav heller ikkje den store meirsmaken.
— På jobb pleier dei skryta over at det er ein knakande god film, og at det er kjekt å jobba med ein kjendis. Og eg fekk nyleg tilbod om å vera med i oppfølgjaren til «the Gladiator», men takka fint nei, innrømmer Kenneth Karlsen og ler.
— Det blei for kaldt, så me gav oss på topp, konstaterer Heggelund.
Lettare med fotball
— Å spela fotball i filmen, var det lettaste, meiner Aastvedt.
Elles klarar dei ikkje å ta sine eigne skodespelarprestasjonar heilt på alvor. Replikkane sit framleis noko laust, men dei tidlegare skodespelarane er ikkje ratt lite sjølvkritiske i ettertid.
— «Dette er starten på ein heilt ny æra!», var ein av replikkane mine. Det fungerte frykteleg dårleg, innrømmer Dyrseth, medan Heggelund meiner han sette rekorden i replikkforsøk.
— Eg trur eg hadde flest tagningar gjennom heile filmen, då eg skulle sei «Me vil ha brus», ler Heggelund.
Og Karlsen gløymer ikkje så lett då han skulle senda drøymande blikk mot den brystfagre heltinna «Anna» (Berte Rommetveit).
— Alle skulle sjå flørtande på «Anna», men mitt flørteblikk kom aldri med i filmen, seier ein skuffa Karlsen.
— Blikket ditt var nok kanskje litt for målretta, eglar Dyrseth, som sjølv ristar på hovudet av eigen prestasjon på banen den gong.
— Då laget hadde scora i ei scene, skulle alle springa jublande ut på banen. Men eg var så treg på den tida, at eg hang berre så vidt med yttarst i bilete, minnest han.
Ei oppleving
Forutan at det var ei kald oppleving, er det berre godord å høyra om filmproduksjonen. Det beste var avbrekket frå ein vanleg skulekvardag. Karlsen hugsar innspeling betydde fri frå skulen, Dyrseth minnest han slapp ei innlevering og Heggelund set pris på at han gjekk glipp av ein prøve.
— Men det er vel helst i ettertid me har forstått at det var ganske store greier me var med på, seier Ness, og får samtykkjande nikk frå dei andre.
I 2003 hadde filmen over 118.000 besøkjande over heile landet, og filmen vann the Childrens Jury Prize ved den internasjonale barnefilmfestivalen i Montreal i 2004.
På verdas største filmdatabase, the Internet Movie Database, har filmsjåarar frå heile verda gitt filmen 6,3 stjerner av ti moglege. Og framleis er filmen frå eit lite vestlandsk fotballmiljø fornøyeleg skode for mange.
— Det er jo litt spesielt når du set på fjernsyn ein søndagskveld og plutseleg ser deg sjølv på skjermen, seier Vegard Dyrseth.