Me høyrer berre sparing kor ein snur seg – det gjeld ingen andre.
Tenk om dei hadde tatt av lønnene til dei som har store lønner, dei som kan byggja flotte hus og hytter, og båtar og reiser kor dei vil. Der kunne dei spart mange pengar. Det er mange som set med høge lønner, men klagar og får tillegg. Her på sjukeheimen legg dei berre på husleiga, men det er likevel dei som skal spara.
Så er det den stakkars laurdags- og sundagskosen som me gler oss til. Den vil dei ta frå oss. Då vert det ingenting å sjå fram til. Eg har tenkt at dersom dei vil spara skikkeleg så kan me ha spekesild, flatbrød og vatn om laurdagane, og gomme og bolle og vatn om sundagane. Då sparer dei straum på kjøleskap og omnen til å kjøle og varme. Så kan dei som steller oss kjøpe rulleskøyter som dei må betala sjølve, så dei kjem seg raskare fram. Dei gamle kan spandere på seg varmedress slik at dei sparer litt på straumen òg. Eg trur dei kunne unnt dei gamle å ha det slik som det er no, og det er eit ordtak som seier «Det er ingen skam å snu».
Eg har tenkt på korleis det hadde vore dersom dei hadde tatt fem-seks frå kommunestyret og sett i banken, så kunne dei banktilsette gått ut. Det hadde vore nett likt her. Sjukepleiarane er ikkje tilsette for å laga mat. Eg trur det er på tide å tenkja over kva dei har gjort. Dei som har laga til denne ordninga skulle vore her to-tre helgar og prøvd det sjølv.
Sina Handeland