Usemje om godkjenning

Planane om rusomsorg på Vikedal Sæter frå 1. september har kome overraskande på både leiinga […]

Planane om rusomsorg på Vikedal Sæter frå 1. september har kome overraskande på både leiinga i Vindafjord kommune og på dei næraste naboane til hotellanlegget i Vikedalsdalen. Difor har verken kommunale sakshandsamarar eller naboar fått tenkt så mykje over korleis dei skal stilla seg til planane.
— Som kommune veit me ikkje nokon ting om dette. Verken rådmann eller bygningsjef har fått førespurnader om dette, seier rådmann Gerd Ingunn Opdal.
— Er søknad om bruksendring og nabovarsel nødvendig?
— Mykje tyder på at det må søkjast om dispensasjon frå gjeldande bruksføremål, seier Opdal.
Bygningssjef Kjell Kjærland kjem til å senda eit skriv til Vikedal Sæter der han ber om informasjon om bruksendringa.

Håvås er interessert
Ordførar Reidar Håvås har vorte oppringt med førespurnader om det planlagde rusomsorgssenteret. Han skjønar at folk er bekymra, men han trur at ein slik institusjon er såpass lukka at det ikkje vil føra til at uønskte element trekkjer til området.
— Eg kjem til å gå på det annonserte informasjonsmøtet neste onsdag sjølv, dersom ikkje noko anna kjem i vegen. Som ordførar vil eg vita mest mogeleg om det som opptek folk. Eg reknar med at folk frå rusomsorgsenteret på Sand kjem og orienterer på dette møtet, seier Håvås.
— Kommuneadministrasjonen vil berre sjå etter at lovar og reglar vert følgde. Rømmingsvegar ved brann og den slags. Me vil ikkje setja oss mot at eit slikt senter vert etablert på Vikedal Sæter. Eg trur at bygningane passar ypparleg til eit slikt føremål, seier ordføraren.

Treng ikkje endring
Halvor Hansen, som er dagleg leiar i Karmsund ABR-senter, meiner på si side at det ikkje trengst ei bruksendring. Det ville i så fall vera diskriminerande, hevdar han.
— Me kjem til å skriva eit skriv til kommunen, men me kjem ikkje til å søkja om bruksendring. Når bygningen er godkjent for overnatting, trengst det ikkje ei bruksendring. Dei kan ikkje gjera forskjell på folk, meiner Hansen.
— Er det ikkje skilnad mellom tilfeldige overnattingar på eit hotell kontra langvarige opphald av den typen som nå ligg i korta?
— Nei, det er ingen som kan nekta ein person å bu eit år på hotell. Det er same reglane som må gjelda, seier Hansen. Han opplyser at dei ved eit tidlegare høve har fått medhald på departementshald i ei liknande sak.

Spør Fylkesmannen
Karmsund ABR-senter driv eit gardsbruk i Hjelmeland. Garden ligg i eit LNF-område, og her har det ikkje vore noka omregulering eller bruksendring. Det avgjerande her er at stiftinga framleis driv gardsdrift på bruket.
— Me plar konsultera med Fylkesmannen når noko ligg i grenseland i høve til lovar og reglar, seier bygningssjefen i Hjelmeland, Haldis Karine Nilsen.
Dette vert stadfesta av Leiv Berge, som arbeider som førstekonsulent hjå Fylkesmannen i Rogaland.
— Må eigaren søkja om bruksendring dersom eit hotellanlegg skal leigast ut og brukast til rusomsorg?
— Det er rimelig innlysande at det krev ei godkjenning av kommunen, meiner Berge.