Usikkert om forsikringa dekkjer tapet

Etter mange års forfall har Ljoshall blitt totalrenovert og er blitt bygd om til lydstudio. […]

Etter mange års forfall har Ljoshall blitt totalrenovert og er blitt bygd om til lydstudio. Alt var klappa og klart for å realisera Studio Ljoshall. Men natt til måndag stod huset i full fyr og berre restane av det flunkande nye lydstudioet står att.
Det er ungdomslaget som eig huset. Tysdag fekk Geir Davidsen, leiar i Ungdomslaget Fram, beskjed om at forsikringa dei har teikna på Ljoshall truleg ikkje dekkjer alt. Det er uklart kva forsikring ungdomslaget har teikna, og difor veit dei heller ikkje kor mykje som blir dekka.
— Me har ei byggeforsikring mot brann, men den dekkjer ikkje fullverdi. Me har heile tida trudd at den var det, seier Davidsen.

Oppbygging uvisst
Då ungdomslaget teikna brannforsikring for Ljoshall blei 360.000 kroner sett opp som det verdimessige utgangspunktet.
— For kvar dag me har jobba har verdien auka og er ikkje automatisk blitt oppgradert, seier Davidsen.
Dersom ungdomslaget har fullverdi forsikring, blir Ljoshall bygd opp igjen, i følgje Davidsen. Viss det viser seg at dei ikkje har fullverdi forsikring på huset, har ikkje ungdomslaget økonomisk ryggrad til å gjenreisa Ljoshall.
— Me føler eit moralsk ansvar for Lydloftet, men me kan ikkje bygga opp igjen eit hus til fleire millionar, seier Davidsen.
Informasjonsdirektør Jack Frostad i If Skadeforsikring ønskjer ikkje å kommentera detaljane i forsikringa til ungdomslaget.
Femkløveret som skulle driva lydstudioet har forsikra alt det tekniske utstyret sitt.
— Me har fått stadfesta frå våre forsikringsselskap at alt er i orden. Det tekniske utstyret er forsikra og me har forsikring mot avbrot i drifta, seier Stig Morten Sørheim.

Unikt hus
I haust kjøpte etnebuane Nils Halleland og Stig Morten Sørheim seg inn i Lydloftet AS i Ølen. Saman med Kjetil Ulland, Reinhardt Toresen og Knut Bjarne Bjørkhaug frå Sandeid skulle dei driva Studio Ljoshall. Eit prosjekt dei har snakka om i to år.
Neste veke skulle Studio Ljoshall takast i bruk, og i romjula skulle Haugesund Popensemble som dei aller første spela inn CD på Ljoshall.
Over 1.000 dugnadstimar er lagt ned på Ljoshall det siste halve året. I løpet av morgontimane måndag låg alt i ruinar.
— Tapet av huset er det verste. Den verdien huset hadde for oss som skulle driva lydstudio var heilt unik, seier Sørheim.

Nytt lydstudio
Gjengen har fått stor respons rundt omkring i landet for lydstudioet sitt.
— Det går an å skaffa dei materielle tinga igjen, men huset hadde særeigne akustiske kvalitetar ved at det var høgt under taket og hadde tømra vegger. Det var heilt spesielt på landsbasis, seier Nils Halleland.
— Me gjer absolutt alt me kan for å få til eit lydstudio og håper ungdomslaget kan vera partnarar. Øvst på ønskelista står Ljoshall, slår Sørheim fast.
I brannen gjekk ein del råmateriale til den nye plata til bluesmusikaren Bjørn Berge tapt.
— Det som skal komma på plata er bevart, men han har spela inn låtar som ikkje er blitt miksa og som låg i utstyret på Ljoshall. Det er gått tapt, seier Sørheim.
Alle opptaka til Lydloftet gjennom 15 år er bevarte.
Det gamle ungdomshuset blei bygd i 1926 og med brannen er eit kulturelt kjennemerke i Etne blitt øydelagd.
— Dei fleste har eit eigarforhold til huset. Ljoshall var ein kulturinstitusjon og det å driva vidare med kultur her var heilt spesielt, seier Halleland.