Is under, og snø i vegbana førte til svært glatt veg mellom Isvik og Vikebygd måndag morgon. Fleire bilar køyrde i grøfta på den glatte vegen. Også minibussen som køyrer skuleelevar i Vikebygd, måtte ha assistanse av redningsbil. Bussen stod i fare for å vippe over ende i grøfta før den vart berga på trygge hjul ein liten kilometer frå skulen i Vik.
Det var ingen elevar i minibussen på det tidspunktet.
Bot i bil
Foreldre i Vikebygd har sidan i haust slåst for å få sikkerheitsbelte i bussen. Nesten-uhellet på glatt veg har ikkje gjort spørsmålet mindre aktuelt for foreldra.
— I bil får vi bot dersom ungane våre ikkje er sikra med belte. Men når det er snakk om skulebuss, er det heilt greitt at dei blir slengde rundt som potetsekker dersom det skulle skje noko. Det står i vegtrafikkloven at det skal vere ansvarleg sikring. Men når det gjeld eldre bussar er det heilt i orden å gi blaffen i denne tryggleiken, seier Anne Skartland som er med i foreldra sitt arbeidsutval ved Vik skule.
Runddans utan ansvar
Minibussen i Vikebygd er langt frå av nyare modell og foreldra stilte spørsmål ved tryggleiken i haust, og etterlyste selar i seta. Bussulukker viser at spørsmålet er aktuelt, meinte foreldra.
Men initiativet for å sikre elevane betre har berre ført til ein runddans utan resultat.
Kommunen viste til Rogaland fylkeskommune som har ansvar for skyssen. Dei sende saka over til Kolumbus som utformar buss- og båttilbodet for fylkeskommunen. I følgje Kolumbus har dei ikkje pengar til å betale meir til transporten enn dei gjer, og sende kopi vidare til HSD.
— Ingen tar ansvar og det blir vist til at transport utan sikkerheitsbelte tilfredsstillar krava sidan bussen ikkje er av nyare dato. Men ansvar for ungane sin tryggleik er det ingen som tar, seier Skartland.
Brøyting
På måndag var det Vikebygd som hadde spesielle problem med vinteren, og som førte til at bilar enda i grøfta. Tysdag morgon var det Bjoa sin tur, og det vart rapportert om fleire bilar i grøfta etter snøfallet.
Felles for begge stader er at mange klager på brøytinga. I Vikebygd blir det sagt at vegen sjeldan blir strøydd før det er for seint, medan det på Bjoa blir klaga over både brøyting og strøing.