Ut på tur i ny kommune

Ei prosjektgruppe sett saman av representantar frå Ølen og Vindafjord har vore i sving dei […]

Ei prosjektgruppe sett saman av representantar frå Ølen og Vindafjord har vore i sving dei siste månadene for å skissere turmål i Nye Vindafjord. Resultatet er ein brosjyre med presentasjon av åtte turar – ei i kvar bygd, nesten. Informasjonen om turane hamnar i postkassa til folk i desse dagar.
— Me skulle hatt ein tur til, sidan det blir ni bygder i den nye kommunen, seier Eva Kalstveit, kulturleiar i Vindafjord.
Ho forklarer at Vikedal og Sandeid er slått saman: turen til Lysenuten har startpunkt i begge bygdene. Med seg på prosjektgruppa har Kalstveit hatt Any Tordis Heggebø (kulturleiar i Ølen), Terje Lunde (frå næringslivet i Ølen), Lars Dalen (Ølen idrettsråd), Per Ivar Ertresvåg (oppvekstinspektør i Vindafjord), Elisabeth Nesheim (helsesektoren i Vindafjord) og Marianne Rørtveit (teknisk etat i Vindafjord). Idrettsrådet i Rogaland og lokalt næringsliv har støtta med pengar.

Fem nutar på ein dag
I tillegg til å skape identitet til den nye kommunen, ønskjer prosjektgruppa også å slå eit slag for «Friluftslivets år», som er i år.
— Me vil få folk til å gå tur og bli kjende i den nye kommunen. Folk held seg meir inne og blir feitare og feitare, meiner Heggebø.
— Viss snøen forsvinn i påska, er desse turane eit godt alternativ for å få seg ein tur i nærområdet. Dei er fine trimturar og kjekke familieturar, utfyller Kalstveit.
Dei som er ekstra glade i å gå tur, får sjansen til å trene seg opp, i tillegg til å bli med på heile fem nutar i løpet av Kristihimmelfartsdag. Denne turen, som går til Kåtanuten, Kjellasviknuten, Gråhorjo, Ormåsen og Hovda, blir ein av to turar med guide. Den andre skal gå til Bjørnstigen under Sommarfestivalen i Vikedal i juli.

Lokkar med premie
— Ølen kommune tok kontakt med oss og spurte om me ville vere med og sponse deira opplegg. Då kom me på at me kunne slå oss saman, fortel Kalstveit om bakgrunnen for at turfolket er tidleg ute med å tenkje ny kommune.
Vindafjord var frå før i gang med «Frisk i friluft»-prosjektet frå fylket, og slagordet derfrå er med i brosjyren som blir send ut no.
— På kvar fjelltopp er det sett opp ein postkasse med eit kodeord i. Desse orda blir til ei setning, forklarer Heggebø.
Når kodeorda er noterte på tilvist plass i brosjyren som folk får i postkassa i desse dagar, kjem setninga fram. Dei som sender inn løysinga innan tursesongen er over i midten av oktober, er med i trekninga om gåvekort på 2.500 kroner i sportsbutikk.
— Folk likar å få tips om turar. Dette er eit prosjekt som er kome for å bli, sluttar Heggebø.