Alle relevante forskingsmiljø i Noreg har slakta forsøket med sidemålsfritak i Oslo. Dermed står Oslo kommune utan nokon som kan ta på seg ansvaret for sidemålsforsøket.
Det viser seg at då Utdanningsdirektoratet vurderte søknaden frå Oslo kommune, var ein ikkje i kontakt med eitt einaste fagmiljø. Ein hadde heller ikkje kontakt med Norsk språkråd. Det er merkeleg at direktør i Utdanningsdirektoratet Petter Skarheim i pressemelding frå 6. september 2004 seier at ein gjorde ei «grundig vurdering» før ein godkjente forsøksprosjektet.
I Forskerforum 8/2004 hevda Petter Skarheim, direktør i utdanningsdirektoratet, at søknaden om fritak frå sidemålsundervisning frå Oslo kommune var svært balansert og at dette er «eit stort og seriøst forsøk». Senter for leseforsking gir derimot i brev datert 18.11.04 ein heilt annan dom: «Det er vanskelig å se at dette tiltaket skal kunne gi noen målbar effekt på så omfattende parametre som elevenes skriveferdighet, leseferdighet, muntlige framstillingsevne og holdninger til norskfaget generelt og sidemålet spesielt.» Liknande utsegner har kome frå Høgskolen i Oslo og Universitetet i Oslo. Alle seriøse forskingsinstiusjonar i Noreg har avvist invitasjonen om å evaluere forsøket.
Tilbakemeldingane frå fagmiljøa viser at avgjerdsla til Utdanningsdirektoratet var politisk, ikkje fagleg. Utdanningsdirektoratet har no ei stor utfordring i å vinne tillit.
Enre Brunstad,
leiar i Noregs Mållag