Utedo med noko attåt

Desse utedoane kunne vera med fleire hol, og dolokk, og under stod kaggane til skrekk […]

Desse utedoane kunne vera med fleire hol, og dolokk, og under stod kaggane til skrekk og advarsel. Som naturleg er, blei dei litt etter litt fylte opp. Det var alltid eit problem med og få tømt desse hekkans kaggane. Men når Ønskekonserten kvar mandag kom, var det mange dokaggar som blei tømde på sjøen, på kveldstid i 7-8 -tida. Då var folk inne til denne minnerike kvelden, mens andre tok fatt i det som var ein drittjobb. På fabrikken gjekk alt i sjøen på Nordnes. Tenk deg då det bles nordavind og storm? Etter kvart kom klosetta med sisterne langt oppe på veggen. Framdeles gjekk alt på sjøen, eller i bekkar gjennom røyr, utan reinsing. Me blei etter kvart reinare, og folk meir vare på oss sjølve, med betre velvære.
Med dusj , bad og WC, blei det også andre krav til utslepp. Der det blei pålagt andre krav og bestemmelser for kvar kommune, og for kvar husstand. Uansett der utslepp skal vera innanfor gitte regelverk pålagt for kvar kommune.
Etne kommune har ei sak gåande om utslepp, som kan bli til besvær. Der Etne kommune har forlangt erstatning av Brynjulv Hus, for manglande oppfylling etter påståtte krav frå kommunen, som kan bli til besvær, ja faktisk til eit stort besvær. I tettstaden Skånevik blei det for ein del år sidan tilrettelagt for utslepp. Der adle blei pålagt å kopla seg på dette kommunale kloakkanlegget. Der utsleppet går gjennom ein såkalla reinseprosess før det går ut i sjøen. Eit fantastisk godt tilrettelagt system. Men, men? Er adle tatt med i denne reinseprosessen? Dersom eit samla reinseanlegg for septik og spillvatten er pålagt frå staten, vil eg tru, ein vil finna manglar med det i Skånevik.
Eg trur Etne kommune må gå i seg sjølv, før ein tar tak i andre?
Eg trur dersom det er nokon som snyltar og trur dei er reine, er eg heilt sikker på at det er mange som har tatt av dolokket og sete på utedoen, blant gamle aviser og drøymt seg bort, og trur alt går godt, også neste dag. Men slik er det heldigvis ikkje.
Når det gjelder statlege krav som delvis blir følgde opp av ein kommune, kan få konsekvensar, heldigvis.
Eg trur Etne kommune etter kvart må bli stovereine, og ikkje gjera sitt fornødne i krødno, og sopa det under teppe, og ta fatt i andre, og plassera dei midt på golvet. Før dei sjølv har reint vatten ved badestrand i Prestavågen og på Vedel.
Skal det nokon gong utfordas erstatningar for manglande oppjusteringar, tilpassingar og ikkje minst påbodne oppfølgingar trur eg dei må rettast til dei som sit i krødno, og ikkje til dei eller den som sitt midt på golvet.
Politikere bruk vet? Ta fatt i kommunens eige problem. Rydd opp i gamle rotasaker det er dessverre ikkje andre som gjer det. Dette er slik eg ser det.
Ove Wiland
Skånevik