Utfordrar politikarane

I slutten av sist veke la rådmannen fram budsjettforslaget for 2007. Han meiner Vindafjord kommune […]

I slutten av sist veke la rådmannen fram budsjettforslaget for 2007. Han meiner Vindafjord kommune ikkje kjem utanom å sjå nærare på skulestrukturen, og meiner målsetjinga må vera å dra ned driftsvolumet innafor skule og spesialundervisning med tre millionar kroner i 2007 og tre millionar i 2008. Med slike kutt vil skular stå i fare for å bli lagde ned.
— Det er ikkje sikkert me skal kutta, men det er viktig å få sett dette på dagsordenen, seier Helge Thorheim.
For framleis har Vindafjord eit aktivitetsnivå som er åtte til tolv millionar kroner for høgt for å ha ein god balanse mellom inntekter og utgifter. Dette meiner likevel rådmannen skal vera mogeleg å ta inn alt i 2007, og ikkje over to år som tidlegare planlagt.
Balanse
— Det ser ut til at rekneskapen vår kan komme ut i null i år. Dermed slepp me å dra med oss eit underskot inn i 2007. Difor skal det vera mogeleg å få balanse i budsjettet alt neste år, men det er ikkje rom for store investeringar, seier Thorheim som meiner akkurat det er svært viktig for at kommunen skal bli stroken frå svartelista som gjer at Fylkesmannen må godkjenne det meste av det kommunen vil gjera.
— Først når me er av den lista blir herrar i eige hus. Det kan me klara alt neste år, men ein føresetnad er at me anten aukar inntektene eller reduserar utgiftene, seier han.
Eigedomsskatt
Og i budsjettforslaget peikar rådmannen på at kommunen kan auka inntektene med 11,9 millionar kroner dersom ein innfører eigedomsskatt. Dette er inntekter som ikkje er lagde inn i budsjettet i og med at dette skal opp til politisk handsaming seinare.
— Eigedomsskatt vil vera ei god løysing. Om det er akseptabelt eller ikkje, kjem jo an på auga som ser. Men det vil vera minst smertefullt, fordi ein då slepp å gjera nye kutt i drifta, seier Thorheim.
For å få balanse i budsjettet har rådmannen også teke med ein gjennomgang av heile organisasjonen, og kvart tenesteområde skal spara ein halv million.
Lite til investering
— Det er ikkje snakk om ei stor omvelting. Ein gjennomgang av organisasjonen bør visa at me kan gjera ting smartare. For kvart rammeområde er det snakk om å spara inn rundt eitt årsverk, seier Thorheim.
Budsjettforslaget frå rådmannen inneheld ei auka satsing på barnehage og psykiatri. Dette heng saman med at midlar frå staten er knytt opp til dette. Det er teke med bygging av omsorgsbustadar for psykisk sjuke som vert fullfinansiert av statlege midlar. På barnehagesida er det ført opp utbyggingar ved Vikedal, Vågen og Skjold.
Men dei ulike einingsleiarane får ikkje gjennom forslag til nye tiltak. Alle framlegga ville utgjort 37,3 millionar kroner neste år i investeringar og 12,5 millionar på drift. Det er det ikkje rom for dersom budsjettet skal gå i balanse.
Rådmannen ser heller ikkje at kommunen har evne til å leggja inn midlar til å halda symjehallen i Vindafjordhallen oppe. Han vil difor fremja ei eiga sak for kommunestyret der ein ser symjehallane i Vindafjord og Ølen i samanheng.