— Eg var med og arrangerte ungdommens kulturmønstring i fem år før eg kom til Etne, og eg kjem ikkje på noko som ikkje passar å vere med. Eg har sett judooppvising, og matkultur er eit tema som blir dratt fram i den nasjonale mønstringa i år. Det er ikkje berre song og musikk som går inn i denne kulturmønstringa. Og ikkje minst, alle kan delta, seier Vegar Øyfoss i Etne kulturskule.
For alle
Han håper at interessa femnar langt utanfor kulturskulen sine lokale for utklekking av kulturelle ytringar. I fjor var det 10 innslag i mønstringa i Etne, der nærmare 40 ungdommar deltok, og Øyfoss ønskjer seg langt fleire i år.
Han er på øving med fem unge rockarar på gitar i ungdomsklubben sine lokale i Etne samfunnshus. Dei er litt ferske og unge, men ser ikkje vekk frå at dei kjem til å delta i mønstring i eit seinare år. Men først må dei starte band.
— Vi starta opp igjen med kulturmønstring i Etne i fjor. Vi var godt nøgde med deltakinga, og håper å byggje vidare med fleire deltakarar i år. Det tar litt tid å venne seg til tanken og byggje opp ein tradisjon. Vi håper på større deltaking i alle kategoriar, også bilde og foto, seier Øyfoss.
I fjor kvalifiserte Tor Christian Engdal seg heilt til landsfinalen med ein teikneserie. I fjor deltok fem band, to songinnslag og tre utstillarar.
Fønix i februar
Så langt er tre innslag melde på til årets mønstring. Fristen på internett er 21. januar, men etternølarane blir ikkje avviste om dei tar direkte kontakt med kulturskulen. Mønstringa er 4. februar på Fønix.
— Det var ei fortetta stemning på Fønix i fjor med vel hundre blant publikum. Deltakarane er nervøse på førehand når dei skal på scenen, men etterpå lyser dei opp og har hatt det gøy. Å ha det morosamt er litt av vitsen med mønstringa. Det er viktig å poengtere at dette ikkje er ein konkurranse, men ei mønstring. Glede og utstråling er like viktig som å vere god teknisk, meiner Øyfoss.
Vise ungdomskultur
I Etne er det ungdom mellom 13 og 20 år som kan delta på ungdommens kulturmønstring. Entusiasmen til å delta er størst blant dei mellom 14 og 16 år.
På landsplan er det nærmare 30.000 som deltar i ungdommens kulturmønstring kvar år. Og det er ingen andre kulturarrangement som trekkjer fleire ungdommar.
— Mønstringa er ein flott måte å få ungdomskulturen synleg på. Her kan både foreldre og politikarar bli kjende med ungdomskulturen og få oppleve at ungdommen langt frå sit med hendene i fanget. Det skjer litt av kvart, seier Vegar Øyfoss.
Difor håper han også at mange slår til på kulturmønstringa og viser fram det dei held på med.