Slike kommentarar er sikkert farga av at dei ikkje har sansen for at det er blitt eit nytt fleirtal, og er kanskje aller mest prega av uvilje mot at SV får plass i regjeringa.
I forhold til hovudlinjene i norsk politikk dei ti siste åra, er Ap eit minst like ansvarleg parti som dei tre som må forlate regjeringskontora. Det er ingen grunn til å tru at SV med godt under ti prosent oppslutning har som mål å tvinge gjennom kontroversielle saker på tvers av Ap og Sp sin vilje, heller ikkje i utanrikspolitikken.
Det blir ein hard dragkamp når dei tre partia skal forhandle fram ei plattform for den nye regjeringa. Men det er ganske uventa dersom desse forhandlingane strandar. Noko anna vil vere å halde veljarane for narr.
Det er likevel opplagt at miljøpolitikk er sprengstoff i denne nye trekanten i norsk politikk, med oljeboring i Barentshavet og gasskraftverk som sentrale spørsmål på kort sikt. Å kunne innfri løfter som kostar store pengar, utan at den statlege pengebruken går av hengslene, er også ei sentral utfordring dei neste fire åra.
Det blir truleg eit vendepunkt for borgarleg samarbeid når statsminister Kjell Magne Bondevik ikkje er med lenger. Det opnar for at Høgre får større ambisjonar om at partiet skal ha statsministeren ved neste korsveg. Det blir nok verre for KrF finne seg til rette i ei slik utvikling i samarbeidet.
Men den største utfordringa for dagens borgarlege samarbeid er Frp. Partiet er blitt landets største borgarlege parti, og er gaukunge og ubeden gjest i selskapet. Det blir eit varmt tema på borgarleg side fram til 2009, og er ei like stor utfordring som den Jens Stoltenberg har når den skal sy saman politikken med Kristin Halvorsen og Åslaug Haga.