Det er konklusjonen leiar i viltnemnda i Vindafjord, Anbjørn Stople, kjem med. Føre seg har han tal som viser dei lagnadstunge møta hjortedyra hadde med fjorårstrafikken. Av statistikken går det fram at til saman 13 hjort og rådyr omkom i Vindafjord etter å ha støytt saman med bil. I tillegg kjem nokon usikre tal kring dødsårsak, og ganske sikkert nokon mørketal. Ein del dyr blir i tillegg aldri funne, fordi dei kjem seg til skogs igjen etter å ha blitt treft av køyretyet. Eit dyr med til dømes knekt bein kan springe langt, seier Stople.
Normal sesong
— Me blir oppringde og må ut same kva tid på døgeret uhellet skjer. Me har plikt på oss til å sjå at dyret ikkje lir. Viss det spring, må me kontakte sporhund, fortel Stople.
Dei fleste uhella skjer mellom klokka 23 og 05. Det går sjeldan meir enn ein halvtime før folka frå viltnemnda er på ulukkesstaden for å ta seg av eit skada eller daudt dyr, etter at dei har blitt varsla.
— Den verste tida er om hausten når fjellbeita byrjar å bli dårlege. Då trekkjer dyra ned. Dei vandrar over vegane heile vinteren og fram til no, held han fram.
Stople er i grunnen forundra over at det ikkje skjer fleire påkøyrsler enn det statistikkane viser.
— Denne sesongen har vore heilt normal. Bestanden har auka kolossalt dei siste åra, men påkøyrslene er ikkje fleire enn for fem år sidan, slår han fast.
Oftare i media
Stople trur dette kan henge saman med at folk er blitt meir medvitne, fordi det oftare blir skrive om påkøyrsler i avisene. Dessutan er dyra oftare å sjå langs vegane, og såleis blir ein minna på at ein må vere varsame. Stople trekkjer fram to særskild utsette strekningar i Vindafjord: Eikjelandsmyrane i Øvre Vats, i tillegg til området mellom Liaheia og Hodnafjell. Heile 75 prosent av ulukkene skjer der, i følgje Stople. Ved Kaldheims Auto på Steinsland i Sandeid går det også eit trekk.
— I Imsland har det auka på med påkøyrsler dei siste åra, legg han til.
Stople er ganske sikker på at det eksisterer ein del mørketal med tanke på talet på dyr som blir påkøyrde.
— Det er nok nokon som ikkje seier frå, og så blir dyret gjerne liggjande 20-30 meter frå vegen, trur han.
Eit problem der det går hjortetrekk, er merkinga. Stople ønskjer det hadde vore lettare å få gjennomslag for god skilting, men her er ikkje vegvesenet alltid gode medspelarar.
For dårleg merking
— Me har fått opp skilt på Ersland, seier Stople, men fortvilar over at dette er lite synleg for mange.
Han samanliknar med Fikse, der det også ferdast mange dyr. Her er folk meir merksame på grunn av synlegare skilting, trur Stople.
Både Udmund Kjell Stengårdsbakken i viltnemnda i Etne og Erling Lien i viltnemnda i Ølen, oppgjev Fikse-området som den mest utsette staden i deira kommunar. Stengårdsbakken meiner det har vore ein merkbar auke i talet på påkøyrde dyr i Etne dei siste månadene, utan at han har tala føre seg. Statistikken derfrå viser sju påkøyrde dyr i fjor, medan sju omkom av grunnar som ikkje er heilt sikre. Skåneviksstranda, Håland, Åkrafjorden og Stordalen er andre stader Stengårdsbakken må reise for å ta seg av skadde dyr.
— Det skulle vore hogge meir skog langs vegane, så hadde me sleppt mykje av dette, kommenterer han.
I Ølen har Lien registrert åtte påkøyrde dyr denne sesongen. Han meiner dyra har ein tendens til å halde seg langs bilvegane når desse er salta. Ølensvåg, på flatane mot Vats, er eit anna utsett område i Ølen.
— Denne tida, når dyra trekkjer, er også utsett, slår han fast.