Så langt er ikkje konklusjonen trekt frå politiet si side, men i utgangspunktet ser ikkje dette ut til å vera ei god løysing for innbyggjarane i desse kommunane.
Å slå saman Etne og Vindafjord til eit lensmannskontor med ein felles lensmann er ein ting. Det er fornuftig med tanke på storleiken på kontora og ressursbruken. Å inkludera Suldal og Sauda i det same vaktdistriktet vil derimot føra til at avstandane vert altfor store i forhold til å ha eit godt nok tilbod.
Argumentet for eit utvida samarbeid er først og fremst det at løysinga vil medføra betra arbeidstilhøve for dei aktive politifolka. Ein vil sleppa bakvakta som medfører ulemper i og med at ein ikkje får ordna vakttider. Ein vil også få ei operativ vakt der det er tenestefolk på jobb heile tida. Men dette krev igjen at ein har større bemanning, og dei ressursane har ein ikkje i dag. Dermed er ein framleis avhengig av ressursar frå politistasjonen i Haugesund for å få kabalen til å gå opp.
Også dei tilsette ved lensmannskontora i Vindafjord og Etne er skeptiske til eit utvida vaktdistrikt. Dei meiner både avstandane i distriktet og omsynet til publikum talar mot ordninga. I tillegg meiner dei saka handlar mest om å spare pengar.
Det viktigaste ein må ta stilling til er likevel i kva grad eit utvida vaktdistrikt vil få konsekvensar frå publikum. Dersom resultatet blir at innbyggjarane får eit dårlegare tilbod, bør forslaget ikkje gjennomførast, men leggjast på is.
Å vita konsekvensane av ei ordning før ho er prøvd ut, er det naturleg nok ingen som kan seia noko sikkert om. Likevel er det ikkje vanskeleg å sjå føre seg at konsekvensane kan verta uheldige. Då den nye politireforma vart innført nokre år tilbake, skulle det mellom anna føra til meir synleg politi og bekjemping av kvardagskriminalitet. Det har den så langt ikkje medført. Forslaget om større vaktdistrikt vil truleg heller ikkje hjelpa på det.