Foreldre fekk gehør

Som kjent har ei kommunal arbeidsgruppe kome fram til at det utvida timetalet, som skal […]

Som kjent har ei kommunal arbeidsgruppe kome fram til at det utvida timetalet, som skal innførast neste år, bør fordelast likt på alle dei fire yngste klassane. Konsekvensen av dette blir at alle klassetrinn i småskulen, får fem skuledagar i veka, og mistar onsdagsfri.
FAU på både Enge skule, Småfolk barnehage, Enge barnehage og Skånevik skule har gått i mot forslaget til arbeidsgruppa, og fremjar heller forslaget om at dei tre yngste tek ein time meir i veka og beheld onsdagen fri, og at dei resterande timane fell på fjerde klassen som fylgjer dagane til mellomsteget, med fem skuledagar.
I Komité Folk sitt møte sist onsdag, fremja Reidun Børve (H) det same forslaget som foreldregruppa er kome fram til, og fekk eit knapt fleirtal for det.

Knapt fleirtal
Tilrådinga frå rådmannen om fem dagars skule for alle på småskulen fekk tre stemmer, og støtte frå Arve Sørheim (Frp), Margareth Bull-Tornøe (Ap) og Annbjørg Flåte (Ap). Medan Reidun Børve (H) sitt forslag fekk fire stemmer og støtte frå Svein Kjetil Løhaugen (Sp), Anita Larsen (Sp) og Arnold Solheim (Krf).
Foreldregruppa er glade for støtta i Komité Folk, men vil ikkje kvila på laurbæra i tida fram mot kommunestyret.
— Det var knapt fleirtal, og det er viktig å halde fokuset og engasjementet oppe til dette blir avgjort i kommunestyremøtet 26. februar. Me kjem til snakka med politikarane i mellomtida, det er kjempeviktig at dei forstår kor viktig dette er for borna. Me jobbar fgging, og at ein får vite om det skjer noko som ikkje er planlagt. Men vi byggjer jo eit anlegg med tanke på at det ikkje skal skje noko uføresett ut over det vi har løyve til, seier Arne Skogheim, plassjef for AF Decom Offshore i Vats.
Med frie tøylar for NIVA til å overvake det dei meiner er nødvendig, håpar Skogheim det blir ro om miljøtilstanden i Vatsfjorden.
— Vi skal etablere nye målepunkt, og NIVA skal gjennomføre ei grundig kartlegging slik at ein kan sjå korleis ting utviklar seg. Så snart NIVA er ferdig med rapportane, vil vi offentleggjere dei, seier plassjefen.
Sjekk av utsleppsvatn skjer nesten kontinuerleg, men kor ofte dei meir omfattande biologiske undersøkinga skal skje, blir det opp til NIVA å vurdere ut frå det dei ser som behovet.
AF Decom skal med det første ha eit ope møte i Vindafjordhallen der dei vil informere om den planlagde miljøovervakinga.

Positive miljøvernarar
Måleprogrammet blir godt mottatt av Osvald Eikanes i Norges Miljøvernforbund si avdeling i Vats.
— Det er positivt med eit utvida program som kan måle forureininga litt raskare og betre enn i dag. Det har vi etterlyst heilt frå starten. Vi har fått ei grovskisse, og i teorien verkar det bra, seier Eikanes.
Han meiner initiativet frå AF Decom er blitt tvinga fram av bråket miljøvernarane har skapt rundt miljøtilstanden i fjorden.
— Vi ventar å få vite kva som skjer i fjorden, og det er bra at det skjer. Målet vårt er å arbeide for at fjorden, fisken og anna liv blir så lite forureina som mogleg, seier Eikanes.
Han meiner det er ein veikskap at det ikkje er gjort ei konsekvensutgreiing av kva tilstanden blir etter til dømes 30 år sjølv om AF Decom held seg innanfor lovelege utslepp. Den såkalla opphopa effekten.