Utvidar og ekspanderer

Med sterk økonomisk vekst i Noreg dei siste åra, har mange selskap fått ein god […]

Med sterk økonomisk vekst i Noreg dei siste åra, har mange selskap fått ein god vekstperiode. Ølen Betong har jobba seg opp ein økonomi som tillet store utbyggingar og investeringar. — Det går veldig godt for tida. Me ser lyst på framtida, seier administrerande direktør Arne Haldorsen.
Det har snart gått ein månad sidan to nye hallar vart klare for bruk på området til Ølen Betong i Ølensvåg. Kring 50-60 millionar kroner er investerte i utbygging av fabrikklokale, verkstad og logistikk.
— Me ynskjer å vera leiande på utstyr og teknologi heile tida. Me vil levera den beste kvaliteten til kunden sitt ønske, og då må me oppdatera og investera for å halda alt på topp, seier Haldorsen. Også administrasjonsbygget står klart for utbygging då ein ny etasje på 500 kvadratmeter skal opp.
Store prosjekt
For tida har Ølen Betong tilbod på nye oppdrag til ein verdi av kring 400 millionar kroner. Haldorsen meiner selskapet han er med å styrer gir gode tilbod, og har allereie ei rekkje med store prosjekt å visa til. IT Fornebu er eit døme som gav dei god erfaring. Dei leverte blant anna 90 kilometer kabelelement og 550 store spesialbygde trekkummer til den utbygginga. Men tidenes største betongprosjekt for Ølensvågs-bedrifta er Snøkvitprosjektet i Hammerfest. Tre blandeverk, åtte betongbilar, fleire pumpebilar og 25 personar er i dag på industriområdet der nord.
Hard konkurranse
Kring litt over hundre personar er tilsette ved Ølen Betong og i transportavdelinga i dag. Dei er fordelte på avdelingane i Ølensvåg, Sveio, Hammerfest, Stord, Bergen, Oslo og Kårstø. I denne gode vekstperioden er det naturleg at ein også ynskjer å tilsetje fleire, men ein stram arbeidsmarknad gjer det ikkje enkelt.
— Me har behov for blant anna fleire ingeniørar, men akkurat det er det veldig manko på for tida, seier Arne Haldorsen. Betongselskapet som blant anna leverer fastbetong, element, røyr, kummar og dreneringar, opplever sterk konkurranse i betongbransjen.
— Du får ingenting gratis her. Det gjeld å yta god service, ha gode tilbod og sikra kunden kvalitet av beste klasse med god teknologi, seier Haldorsen.
Mange prisar
Dei siste åra har Ølen Betong fått gjæve prisar på rekkje og rad for sin gode vekst og store prosjekt. Blant anna prisen for årets betongstasjon, som har blitt tildelt selskapet fleire gonger frå tidsskriftet «Byggeindustrien», gründerprisen frå Ernst & Young og marknadsprisen frå marknadsforeininga på Haugalandet. Ølen Betong, saman med Ølen Betong transport, kunne også kalla seg ei «Gaselle-bedrift» i 2005 då Dagens Næringsliv gjorde ei undersøking. For å bli ei Gaselle-bedrift må bedrifta dei siste fire åra ha levert godkjende rekneskap, minst dobla omsetninga, hatt eit positivt samla resultat og omsetningsvekst kvart år. Ølen Betong transport og Ølen Betong, har kvar hatt ei vekst på 247.8 prosent og 149,8 prosent dei siste fire åra. Omsetninga ser ut til å auka igjen dette året, og Haldorsen ventar ei omsetning på kring 250 millionar.