Utvidar produksjonen av ost

— Me har aldri budsjettert med å produsere ost med eksportstøtte, og me har heile […]

— Me har aldri budsjettert med å produsere ost med eksportstøtte, og me har heile tida hatt prisen ut av meieriet så høg at det skal gå også utan tilskotsordningar, seier meierisjef Morten Svendsen ved Ryfylkemeieriet i Vikedal.
Han fortel vidare at eksportstøtta til norsk ost, som truleg forsvinn når WTO-avtala er ferdigforhandla, sjølvsagt fører med seg eit inntektstap for deira bedrift. Ryfylkemeieriet, som eksporterer ost til USA, ser likevel ingen dramatikk i situasjonen. For tida er dei i full gang med å auke produksjonen av kvalitetsostane som dei produserer under varemerket Den blinde ku.
Startar samarbeid
I følgje Svendsen har meieriet deira heile tida tatt høgde for at utviklinga går i retning nedbygging av eksportstøtta. Han framhevar vidare at deira produksjon kjem i ein annan kategori enn til dømes Tine sin Jarlsberg-ost. Eksporten av denne osten ut av Noreg er spådd å bli sterkt råka av WTO-avtala.
— Me produserer ein annan type ost. Me konkurrerar på kvalitet framfor pris, framhevar Svendsen.
Grannar formidla førre veke nyhenda om at selskapa Synnøve Finden og Den blinde Ku har inngått ei intensjonsavtale om samarbeid. Dette fører til at Synnøve Finden får utvida sitt utval med dei prisvinnande gourmetostane til Den blinde Ku, medan Den blinde Ku får tilgang til meir effektiv produksjon og distribusjon. Avtala, som skal ferdigforhandlast i løpet av hausten, gjev ostane frå Den blinde Ku høve til å vinne store marknadsdelar på innanlandsmarknaden. Eigar og gründer av Den blinde Ku, Inger S. Rosenfeld, opplyste førre veke at ho ikkje utelukka at avtala kan føre til utviding av produksjonen i Vikedal, der ho eig ein vesentleg del av aksjane. Ho sa også at ho håpte å starte distribusjonen av Den blinde Ku-ostane til heile landet allereie i september. Ved Ryfylkemeieriet fortel Morten Svendsen at dei allereie har byrja arbeidet med å auke produksjonen.
Treng fleire folk
— Me har tilsett ein lærling og me kjem også til å trenge fleire folk. Me håpar på å kunne tilsette tre personar til i løpet av september, opplyser han, og legg til at det er vanskeleg å få tak i kvalifiserte folk i Noreg sidan her ikkje fins institusjonar som utdannar meieriteknologar.
Produksjonsvolumet ved Vikedalsmeieriet har til no vore kring 30 til 50 tonn ost årleg. Målet framover er, i følgje Svendsen, å nå full produksjonskapasitet, og dermed lage mellom 200 og 300 tonn ost årleg. Den blinde Ku og Ryfylkemeieriet har fått førespurnad frå nye utanlandsmarknader, og ideane og skissene til utvikling av nye osteprodukt er allereie på papiret.
— Kanskje me kan få til eit lite pluss i årsresultatet allereie i 2007, seier ein håpefull meierisjef, som fortel at det hittil har gått i null.
Trass i optimismen understrekar Svendsen at utvidinga kjem til å gå steg for steg, og at dei heile tida kjem til å ha hovudfokus på kvaliteten på produkta sine.