Utviklar kompetansen med gasskip

I slutten av august 2007 skal West Contractors AS levere eit litt spesielt forsyningsskip til […]

I slutten av august 2007 skal West Contractors AS levere eit litt spesielt forsyningsskip til Eidesvik Shipping på Bømlo. Skipet skal gå på gass og overbygget (styrehuset) er plassert bak. Begge deler er ganske uvanleg.
— Heilt fantastisk, det kan ikkje bli betre. Vi har jobb i minst to år framover, og alle gleder seg i dag, seier Bjørn Berge, som har over 100 medlemmer i Fellesforbundet.

Styrkar verftet
— Å byggje eit avansert skip som dette betyr også at vi tar eit teknologisk steg framover. Det er svært viktig med tanke på konkurranse om oppdrag seinare. Det er eit par andre norske verft som byggjer så store og komplekse skip, seier Endre Matre, leiar for nybyggavdelinga hos Westcon.
Han trur difor oppdraget frå reiarlaget Eidesvik vil heve kompetansen ved verftet endå eit hakk.
— Vi har flinke folk og kan difor ta på oss komplekse jobbar. Dette oppdraget vil utvikle oss ytterlegare, seier Matre.
Forsyningsskipet er 93 meter langt og 21 meter breitt, og skroget skal byggjast i Aust-Europa. Westcon har i dag arbeid på gang både i Russland og Polen.

Vinne kvar dag
— Det går opp og ned i denne bransjen, men vi opplever det som ganske trygge jobbar for den faste arbeidsstokken. Vi har hatt nok å gjere i mange år, seier Bjørn Berge.
— Vi må på ein måte vinne kvar dag i denne bransjen. Det gir difor tryggleik i organisasjonen når vi har oppdrag framover. Men det er arbeid heile vegen med å skaffe nye, seier Matre.
Verftet har ein ordrereserve på nybygg på 800 millionar kroner, og det siste skipet skal vere ferdig til 31. august i 2007. Verftet har frå før kontrakt på to forsyningsskip for Eidesvik og ein fiskebåt for ein skotsk reiar. Desse tre skal leverast i løpet av neste år.
Målet for verftet er å levere to-tre nybygg kvart år. Gasskipet er det 29. nybygget hos Westcon.

Gir gass
Det nye forsyningsskipet til Eidesvik skal kunne gå både på gass og diesel. Noreg må redusere utsleppet av nitrogenoksidar (Nox) med nesten 30 prosent innan 2010, og skipsfarten er ein av dei største syndarane. Gass reduserer utsleppa med 90 prosent samanlikna med dieselmotorar.
— Ferjesambandet Arsvågen-Mortavika skal få gassferjer, og Haugalandet er ein region for gass. Vi ønskjer å vere med på denne marknaden, og vi håpar å vinne fleire oppdrag med gasskip, seier Endre Matre.

Fleire bein
Nybygg er ein av tre føter verftet i Ølensvåg står på. Den andre er riggar, og verftet ventar inn ei plattform frå Odfjell Drilling i slutten av månaden. Den tredje beinet er reperasjonar og vedlikehald der ferja «Rennesøy» ligg i dokk ved verftet. Dessutan er det full aktivitet på to forsyningsskip som ligg ved kai, «Ocean Mainport» med er eigd av Sartor Shipping på Sotra, og det irske supplyskipet «Seahorse Supporter».
Westcon har også folk på oppdrag på plattformer.