Uverkeleg treningsleir

— Heilt uverkeleg, seier ein overvelda Nordtveit om opphaldet hjå storklubben Manchester United. På det […]

— Heilt uverkeleg, seier ein overvelda Nordtveit om opphaldet hjå storklubben Manchester United.
På det ni dagar lange opphaldet har han trena saman med U18 laget til Manchester United. Han innrømmer at han var litt forsiktig i starten.
— På dei første treningane torde eg ikkje å gi alt, men det kom seg etter kvart, seier han.
— Ei utfordring i starten var jo å koma inn i miljøet. Dei var allereie ein kameratgjeng, så eg var litt nervøs då eg prøvde å melda meg inn der. Men det gjekk fint, eg fekk til og med skryt for engelsken min, ler ein nøgd Håvard Nordtveit.

Bestefar Ferguson
Han fortel at det var litt rart å sjå spelarane på sjølvaste Manchester United kvar dag.
— Eg møtte dei ofte i spelartunnelen, for garderoben deira var rett over gangen for oss. I tillegg åt me lunsj saman med dei kvar dag, seier han. Han kan til dømes fortelje at spelaren Wayne Rooney er ganske stor og brei, og at han liknar litt på animasjonsfiguren Shrek. Rooney spøka med at dersom spelarane på U18- laget ikkje pumpa ballane deira godt nok, ville dei få bot.
Han seier vidare at noko av det største han opplevde var å vera tilskodar til U18 -kamp mellom Manchester United og Blackburn.
— Eg skulle ikkje spela, men eg fekk sitja på benken. Der sat eg på sida av Sir Alex Ferguson og Alan Smith. Ferguson er som ein bestefar til alle saman. Han gir klemmar og alt, seier Nordtveit.

Solskjær på kontaktlista
Det var meininga Håvard skulle bu hjå Ole Gunnar Solskjær under opphaldet, men planane vart endra.
— Eg budde hjå same vertsfamilie som Ole Gunnar Solskjær hadde når han kom til England. Dei var veldig hyggelege, seier han.
Ole Gunnar Solskjær vart likevel ein kontaktperson for 16 -åringen, og dei snakka saman dagleg.
— Eg har fått telefonnummeret hans. Han sa eg berre måtte ringe om eg trengte råd eller noko, seier Nordtveit.
Å hamne på kontaktlista til ein mann som skiftar telefonnummer åtte gonger i året er ikkje småtteri, så det er han sjølvsagt stolt over.

Bod frå United
Manchester United har no gitt eit bod for å kjøpa den talentfulle vatsbuen.
— Eg er sjølvsagt smigra over det, men akkurat no er det viktig å ha beina på bakken. FKH har sagt at dei vil seia nei, og då er det viktig for meg å halda fokuset mitt i FKH, fortset Håvard Nordtveit, som presiserer at den endelege avgjersla er hans.
— Eg er framleis i tenkeboksen, det er litt mykje å ta inn på ein gong. Eg har ikkje fått svarfrist, så eg prøvar å ikkje stressa, seier han.
Planen var at Håvard Nordtveit skulle spela nattcup i Ølen saman med kompisane frå Vats.
— Me måtte diverre trekkja oss, og det var synd. Eg har ikkje spelt noko særleg med folk her heime på ei stund, avsluttar Håvard Nordtveit.

Nei i frå FKH
Nils Halvor Berge i FK Haugesund, fortel at dei var førebudde på eit bod frå storklubben, men syns dei har kome med eit bod som er alt for lågt.
— Fyrste reaksjonen, om eg får seia det litt spøkefullt, var jo om dei hadde gløymt ein null, seier Berge.
Han presiserer at dei no fokuserer på å få Håvard Nordtveit best mogeleg.
— Håvard er eit heilt spesielt og unikt talent, og me vil legge til rette for at han får ei så optimal trening som mogeleg, fortel han.
Vidare seier han at ein av grunnane til at FKH seier nei til bodet er at dei føler Håvard, og andre spelarar får eit avgrensa skuletilbod, samtidig som behandlinga ikkje alltid er optimal i storklubben.
— Me ser fram til neste sesong. Me har stor von på at Håvard vil gjera det bra, seier ein spent Nils Halvor Berge.
Agent Jim Solbakken har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar. I fylgje Nordtveit har Solbakken sagt at Manchester United er svært interesserte, og kjem truleg til å auka bodet.