Vakraste fossen i verda?

Nest vakraste av dei norske fossane er, i følgje amerikanarane, Ramnefjellsfossen i Stryn, med ein […]

Nest vakraste av dei norske fossane er, i følgje amerikanarane, Ramnefjellsfossen i Stryn, med ein venleiksindeks på 94. Hordaland er godt representert i databasen, med 35 fossar, men ved nærare ettersyn syner det seg at ein Sauda-foss er kategorisert under Hordaland. 100 norske fossar er tekne med, og berre tre svenske fossar. I alt er det lista opp 195 fossar i Europa.
Ei vurdering av kva som er ein vakker foss, vil alltid vera subjektivt. Nett kva som ligg til grunn for vurderinga av desse fossane, går ikkje klart fram på internettportalen.
Den som er interessert i å sjå på fossane og eventuelt gje ei tilbakemelding til forfattarane, kan trykkja seg inn på:
http://www.world-waterfalls.com og velja hyperlenka «The World´s 100 Best Waterfalls». Trykkjer ein på «Scenic Rating» (Venleiksindeks), er Langfoss den einaste som scorar fullt hus.