Vaksinerer på spreng

Sist veke starta influensavaksinasjonen i Etne, og komande veker blir det vaksinering på legekontora i […]

Sist veke starta influensavaksinasjonen i Etne, og komande veker blir det vaksinering på legekontora i Ølen, Skjold og Vikedal.
Helsesøster Mathilde Ebne fortel at det torsdag i sist veke var om lag 100 personar som fekk sprøytestikket i armen på legekontoret i Etne.
Då Grannar var innom fredag morgon, var det også mange som vaksinerte seg. Folk kom og gjekk heile tida.
Andreas Klungland var ein av dei som fekk sprøytestikk fredag. Han fortel at det er første gong han vaksinerer seg, og at han gjer det av helsemessige årsaker.
Etter vaksinasjonen ventar pasienten på venterommet i 20 minuttar.
— Kva reaksjonar kan ein få?
— Ein kan bli litt øm i armen og få lette symptom på forkjøling. Det er det einaste, seier Ebne.
Ho opplyser at kronisk sjuke i alle aldrar, og eldre over 65 år, blir oppfordra til å vaksinere seg.