Vandalisme i eplehage

— Eg har opplevd mykje gjennom livet, men aldri maken til dette, seier Klara Tangen […]

— Eg har opplevd mykje gjennom livet, men aldri maken til dette, seier Klara Tangen Tveit, etter at tre av dei fire epletrea i hagen hennar vart saga ned natt til laurdag.
Det var i to tida, sonen Inghart Lasse Tveit var oppe ein tur, og kom til å titte ut gjennom glaset.
— Då såg eg noko som rørde på seg nede i hagen. Eg trudde det var nokon som var på epleslang, og tenkte værsågod. Dei sure Fillippa eplene, er ikkje gode før langt utpå vinteren, difor var det ingen grunn til å misunne dei. Men så kom eg til å sjå akkurat som om nokon hoppa i treet, og eg tok ei lommelykt og lyste. Då forsvann gjerningsmennene, og eg kunne ikkje tru det eg fekk sjå. Tre epletre var saga ned, fortel han.
Han ringde politivakta, men dei kunne ikkje gjere anna enn å fortelje at dei skulle melde frå til Vindafjord lensmannskontor.
Nå synes Inghart Lasse Tveit at det er frustrerande at polititenesta er så dårleg, at dei ikkje kan forfølgje ei slik sak fortare.
Veldig vondt
Klara Tangen Tveit seier hendinga er veldig vond.
— Trea planta eg saman med mannen min, Sigurd då vi flytta inn her i 1955. Eg hadde ønskt dei kunne tatt nokon andre tre enn epletrea. Dei ville eg gjerne sjølv bestemt når eg skulle ta, seier ho.
Trea er stygt saga ned. Og korkje ho eller sonen Inghart Lasse trur at dei som har gjort det, kan ha brukt motorsag.
— Nei, eg ligg med ope glas, berre 25 meter oppe i bakken. Eg bruker å vakne av lydar, difor ville eg heilt sikkert høyrt ei motorsag, seier ho.
Fleire tre tatt
Politiet ser ikkje bort frå at det kan vere dei same personane som har vore på ferde i Frakkagjerd same natt. Der var to tre sagde ned.
Ingen av stadene har politiet sikre spor etter gjerningsmennene.