Vandalisme rammar reisande

— Vi har fått nok av herverk, og har difor stengt terminalen. Så får vi […]

— Vi har fått nok av herverk, og har difor stengt terminalen. Så får vi sjå reaksjonane på at Ølen ikkje kan ha ope den flotte terminalen. Folk vil møte ei stengt dør inntil vidare, seier Knut Egil Berge.

Utspekulert herverk
Det er Vindafjord kommune som eig terminalen, og Berge er fagansvarleg for bygningar. Han er oppgitt over at det ikkje går an å ha eit positivt tiltak for både bygda og dei reisande frå knutepunktet i Ølensjøen.
— Det er utspekulert herverk. Det skal ofte ein del kreativitet for å få til det som møter oss. Her er det ikkje snakk om uhell, seier Berge.
Han opplyser at kommunen har brukt opp til 30.000 kroner i året for å rette opp skadar og til å kjøpe nytt utstyr. I tillegg er det flasker og søppel som ligg å flyt på venterommet og toaletta.
— Det er kanskje folk som har fest her, eg veit ikkje.

Rakett i do
Ein rakett er nyleg sprengt i den eine toalettskåla, og det er enno skadar på toaletta som ikkje får stå i fred. Handtak for funksjonshemma blir raspa vekk, såpe og papirhaldarar blir øydelagde. Også toalettskåler i rustfritt stål får gjennomgå og kostar dyrt å reparere eller skifte ut.
— Alt utstyret er av kvalitet som skal tole litt, men det hjelper visst ikkje når målet er å gjere skade, seier Berge.
Til og med ventilasjonssystemet med luke langt oppe på veggen har nokon prøvt seg på. Enkelte har stor glede av å tette igjen vaskar og setje på vatnet i krana.
Herverk er blitt meldt til politiet fleire gonger, men berge kjenner ikkje til at det har ført til at nokon er tatt for skadeverk.

Sentrum utsett
Berge og kollegane hans i vedlikehaldsseksjonen har bolta fast det meste på venterommet. Til og med vindaugslistene er skrudd fast fordi dei ikkje har fått stå i fred. Dørpumper har fått ekstra metallbeslag.
— Du kan lure på kva for styrkedrikk dei har fått i seg før dei går i gang. Dei vrir til og med på tjukt jarn. Det ser vi stadig døme på rundt om i sentrum, seier Berge.
Herverk skjer helst i aksen frå Mulagata via Sjoargata og ned til samfunnshuset. Berge presiserer at det ikkje går an å skjere alle over ein kam når det gjeld herverk.
— Det er mange arrangement i Ølen som trekkjer til seg folk frå eit stort distrikt. Det er også fleire aktørar i utebransjen enn mange andre bygder. Arrangementa er greie i seg sjølv, men det drar med seg ulemper i form av skadeverk, viser det seg.

Lite triveleg
Heile venterommet er dekt av obscøne ord og andre forsøk på å kommunisere. Det er nesten ikkje ein ledig plass på veggpanelet av furu.
— Det høyrer ikkje heime at det skal sjå slik ut. Det kan ikkje vere særleg moro for eldre folk å kome inn her og lese det som står på veggene, seier Berge.
At heile venterommet er fylt opp med det mange vil karakterisere som griseprat, er ingen god reklame for bygda Ølen.
Ei side av problemet er at venterommet ikkje alltid er låst om natta. Berge laga ei nøkkelordning med HSD der sjåførane kunne hente nøkkel i ein boks og opne og stenge ved første og siste buss. Men det har ikkje fungert i praksis.
Knut Egil Berge tvilar på om det lar seg gjere at å ha ei eiga låseordning som kommunen står i spissen for. I så fall vil det avgrense opningstida ganske sterkt.
— Vi må ta ein runde internt for å vurdere kva vi skal gjere. Det gjenstår reparasjonar, og terminalen blir stengt inntil vidare, seier Berge.
Det er to år sidan kollektivterminalen vart opna med brask og bram og hornmusikk.