— Eg er kjempestolt. Ein kjempebra sesong der jentene har klart seg svært bra, seier trenar Stefan Röer.
Presset var stort før kampen tysdag, som var den siste i sluttspelet.
— For første gong følte eg meg skikkeleg nervøs. Alle tenkte på at me kunne vinna alle kampane, og den sjansen er ganske sjeldan. Eg såg at alle var nervøse. I tillegg mangla me to spelarar, seier Röer.
Likevel klarte dei testen mot Kopervik og sette punktum med 22-8. Dermed kunne Ølen-jentene sleppa jubelen laus og byrja feiringa med alkoholfri champagne.
— Dei var kjempeglade, fortel Röer, som har trena laget i eit år.
Kjappe
Trenaren skryt av laget sitt og meiner nivået er jamt. Han synest jentene er komne langt utifrå alderen sin.
— Ein merkar at jentene forstår speletrekk og at dei klarer å setja det ut i live. Ein finn sjeldan eit lag i den alderen med så mange speletrekk.
Dei har ein feeling for når dei skal springa. På grunn av det kan me spela hurtig handball og dei har ein kjempekondis. Viss me har hatt problem med nokre lag, har me slått dei på kondisen, seier Röer, som har satsa mykje på oppbygging av forsvaret.
Handballjentene jubla: F.v Ruth Kjerstin Eikeland, Andrea Klungland, Ingrid Lunde, Evelyn Veim, Evelyn Tronstad, Stefan Roere (trenar), Christina Haugland, Tina Hauge, Kristina Roa. Framme f.v Tove Krakk og Mona Hegerland.
FOTO: TERJE LUNDE