Vann fortent

5. divisjon, avd. 04 Vats94 – Sveio 5-0 (2-0) Vats stadion 1-0: Kjetil Ohm (37. […]

5. divisjon, avd. 04
Vats94 – Sveio 5-0 (2-0)
Vats stadion
1-0: Kjetil Ohm (37. min)
2-0: Joachim Frøland (40. min)
3-0: Kenneth Frøland (77. min)
4-0: Svein Tore Haraldseid (80. min)
5-0: Kjetil Ohm (88. min)
Gule kort: Kenneth Frøland, Vats94, Tore Berakvam, Vats94 og Torstein Torkelsen, Sveio.

— Det er slike kampar vi må vinne, skal vi ha sjanse til å kome høgare på tabellen. Sveio ligg trass alt sist på tabellen med berre fire mål, sa trenar for Vats94, Harald Frøland, etter at laget hans hadde slått Sveio 5-0 på Vats stadion fredag kveld.
Frøland meiner Vats94 har gode sjansar til å nå midten av tabellen før sesongen er slutt.
— Eg synest det fungerer betre og betre for oss, og laga ligg jo veldig jamt på tabellen. Denne kampen gir god motivasjon vidare, og vi må vinne for ikkje å rykkje ned, sa han.
Kampen fredag kveld vart då heller ikkje den store styrkeprøven for Vats94 spelarane. Det var tydeleg at laget var sterkare enn motstandaren heilt frå starten. Men det var først etter 37 minuttar Kjetil Ohm sette ballen i mål, få minuttar seinare var det Joachim Frøland sin tur, og laget kunne ta pause med leiinga 2-0.
I andre omgang var Vats94 spelarane endå meir overlegne enn i første omgang, og det låg an til scoringar heilt frå starten av omgangen. Men det vart først på slutten måla kom som perler på ei snor. Først ute var Kenneth Frøland i det 77. minutt, så var det Svein Tore Haraldseid sin tur og til slutt Kjetil Ohm, som igjen fekk sett ballen mellom stengene. Nå nærma slutten seg, og det kunne lett blitt fleire mål. Men kampen endå fortent 5-0 i heimelaget sin favør.