Vann kampen mot gassen

— 15 timar som eg og dei 35 andre arbeidarane aldri kjem til å gløyme. […]

— 15 timar som eg og dei 35 andre arbeidarane aldri kjem til å gløyme. Eit drama som like gjerne kunne sendt heile Snorre A-plattforma i ei dyvåt grav, fortel plattformsjefen frå Vikedal.
Dag Lygre har også tidlegare vore i hardt vêr, men han har nok aldri hatt meir bruk for den 27 år lange og svært så allsidige erfaringa si frå arbeid i Nordsjøen, som det han fekk då gassalarmen gjekk i sjutida sundag kveld.
— Me arbeidde med å bygge om ein gamal brønn, då han brått vart veldig ustabil. Kort tid etter byrja det å boble i sjøen. Det viste seg at me hadde fått ei lekkasje i eit fóringsrøyr 1500 meter under oss, og no kom gassen strøymande til overflata. Her var gode råd dyre. For det første mista plattforma gradvis flyteevna si. Men endå verre var sjølvsagt faren for ein enorm gasseksplosjon, fortel Lygre.
Vart evakuerte
— Det første eg gjorde var å evakuere alle dei som var på plattforma, og som me kunne klara oss utan. I første fase reduserte me frå 216 til 75 personar. Kring klokka eitt om natta såg det bokstavleg tala endå svartare ut, og me sende ytterlegare 39 personar frå oss. Samstundes sørga me for å ha to helikopter ståande med rotorblada i gang på naboplattformene Snorre D og Statfjord C. I tillegg sat det folk klare i stuplivbåtane, slik at me som var att kunne evakuerast i løpet av få minuttar. Heile tida vog tryggleiken til dei som var att tyngst. Men me visste jo også at måtte me forlata plattforma, var sjansane store for at me aldri meir ville få sjå den gode arbeidsplassen vår, forklarer Lygre.
Siste ladningen
Tre gonger i løpet av natta gjekk Lygre & Co tom for boreslam. Like mange gonger klarte dei å laga nytt.
— Me måtte over på vassbasert boreslam, og klarte i eit siste desperat forsøk å få pumpa ned 160 kubikkmeter slam med ei eigenvekt på 1,8. Det var på sett og vis eit enten/eller. Heldigvis lukkast me. Ikkje fritt for at jubelen stod i taket, då me skjøna at gassutblåsinga var temd. Klokka 10.05 sende eg gledesmeldinga til folket på land. Me var litt stolte då, smiler Lygre. Han er så vidt heimom i Vikedal, før han i dag set seg på flyet til Spania, og husværet i Alfaz del Pi. Saman med sambuaren, prosessteknikkaren Anita Hansen.

Vil verta granska
— Me jobbar dei same skifta, og ho var med meg også denne gongen. Anita er brannlagsleiar på plattforma, men likevel valde eg å evakuere ho. Det gjorde eg utifrå tanken om at skulle me koma i ein situasjon der me kunne få bruk for brannsløkking, så vil det vera jamngodt med «game over», meiner plattformsjefen. Glad for at han ikkje skal ut på plattforma att før i romjula, men likevel innstilt på at det vert litt farting til og frå Spania dei neste vekene.
— Det vil bli sett i verk ei rekkje granskingar, og eg må nok stilla meg til disposisjon. Det er avgjerande viktig at alle sider av denne nestenulukka kjem fram, og at me på sikt – om mogeleg – kan få endå betre tryggleik på arbeidsplassane våre, seier Lygre.
Store verdiar
Det er nok ein og annan sentralt i Statoil som også er svært glad for at det gjekk som det gjorde. Snorre A-plattforma er den største pengemaskina i landet vårt. Kvar dag vert det pumpa opp 240.000 fat med olje, til ein marknadsverdi på mellom 60 og 90 millionar kroner. Sjølve installasjonen har ein verdi på kring 20 milliardar. Hadde det gått heilt gale, ville det i tillegg ha medført veldig mange kroner i tapte inntekter. For ikkje å snakke om menneskeliv.
Krisemøte
— Me var dyktige, og me hadde den flaksen som måtte til. Samstundes fekk me betalt for dei mange fokus-møta som me gjennomfører med jamne mellomrom. Det er møte der alle nøkkelpersonar kjem saman, diskuterer problemstillingar, og går attende til arbeidet att før det har gått tre minuttar. Heldigvis viste det seg at folk oppførte seg litt annleis når det brann under føtene våre. Folk tok imot dei meldingane som vart gjevne, og gjorde jobbane sine hundre prosent. Det var imponerande å sjå kor bra me klarte oss, sjølv om situasjonen var langt meir kritisk enn det konsernleiinga, havarivernsentralen og dei andre som sat på land kunne få inntrykk av, hevdar Lygre. No kan han truleg sjå fram til ei endå større julegåve frå leiinga enn det han vanlegvis får. Det skulle jo også berre mangle.

PS! Ein annan som kan vente seg ei ekstra påskjøning for heltemodig og imponerande innsats er Arthur Owe frå Vikebygd. Han var også mellom dei 36 siste som vart att og redda Snorre A frå det store smellet.