Vanskeleg debatt

Likevel må vi erkjenne at det er ei grense for kor mange flyktningar vi kan […]

Likevel må vi erkjenne at det er ei grense for kor mange flyktningar vi kan ta imot, og dei må bli integrert i det norske samfunnet på ein skikkeleg måte.

På den eine sida er Frp si nærmast fiendtlege innstilling som får partiet til å foreslå internering av asylsøkjarar, for å hindre at dei slår seg ulovleg ned i Noreg. Det er ei ekstrem innstilling i eit land som vil forsvare menneskeverd og humane verdiar.
På den andre sida er det ei naiv haldning i innvandringsdebatten, som delar av SV står for, der ein framhevar at vi må hjelpe flest mogleg og ha opne grenser. Slike haldningar blir ofte kombinert med ein motvilje mot å sjå på dei utfordringane innvandringa skapar, og at kulturforskjellar ikkje berre gir mangfald, men også grobotn for konfliktar. Ein slik mangel på realisme kan skape endå større innvandrarskepsis.

Regjeringa si innstramming i asylpolitikken har skapt reaksjonar og debatt. Det kan vere at forslaget går for langt, slik blant andre biskopane har påpeika, spesielt når det gjeld innstramminga overfor einslege mindreårige asylsøkjarar.
Men det er heilt nødvendig med ein pragmatisk politikk som stiller spørsmål ved asylreglane når det viser seg at Noreg har den sterkaste veksten av asylsøkjarar i Europa i 2008. Å ha ein realistisk politikk, er den einaste farbare vegen. Berre på den måten kan ein ta vare på den trass alt positive haldninga nordmenn har til innvandring.