4. divisjon Rogaland avd. 2
GrannKam – Eiger 0-4 (0-2)
Gult kort: Espen Vaka, GrannKam
Dommar: Kåre Pedersen
Det var vel få som venta at det var i kampen mot Eiger at GrannKam skulle klare å kapre poeng for å kome seg ut av hengjemyra på nedrykksplass. Tredjeplass på tabellen borga for eit klart favorittstempel for gjestene.
Men den største forskjellen mellom heimelaget og Eiger, var at laget frå Eigersund scora mål.
Gode før pause
Trass i fire baklengsmål og ingen med nettkjenning for GrannKam, kunne fasiten vore at heimelaget vart totalt overkøyrt. Men slik var det ikkje. Spesielt før pause var GrannKam på høgde med Eiger, og hadde sjansar som kunne resultert i scoring. Kjell Andre Stensland hadde ein susar rett i tverrliggjaren.
— Det var ein skikkeleg god første omgang og eg synest synd på både spelarane våre og publikum då vi gjekk til pause med to mål bak oss. Det kunne like godt ha gått den andre vegen, seier Frank Abelseth, trenar for GrannKam.
— Men det er ikkje til å underslå. Eiger stilte med 15 kvalitetsspelarar og er eit betre lag enn oss.
Sårbar på dødball
Men håpet brast fullstendig då Eiger gjekk opp i tre mål rett etter pause. Det var for øvrig eit klassisk baklengsmål for GrannKam denne sesongen då gjestene scora det andre målet sitt på dødball. Keeper Espen Vestbø må ta sin del av ansvaret, men resten av forsvaret stod som saltstøtter då Ole Jonny Gya frå Eiger utfordra Vestbø på eit langt frå perfekt innlegg.
Kampen var det tredje tapet for GrannKam på fem kampar så langt i haustsesongen. Med tredje sisteplass på tabellen, har GrannKam press på seg framover for å kome seg vekk frå nedrykksposisjonen. Det gjenstår seks kampar å sanke poeng i.
Trenar Frank Abelseth har ingen vidunderkur som kan sikre GrannKam fleire poeng i kampane framover.
— Eg har ikkje noko hokuspokus på lager. Resepten handlar om å trene godt og stille med det beste mannskapet. Det er marginar det går på, og dei får vi om vi fortener dei, seier han.
I sist kamp mot Djerv 1919, hadde han 12 spelarar med seg til kampstart, og gjorde sju endringar frå kampen mot Etne. Denne ustabiliteten er med å prege prestasjonane.
Men på laurdag hadde Abelseth det han karakteriserer som godt med folk.
— Når det gjeld disponibelt mannskap ser det meir lovande ut framover. Det er svært viktig for å unngå nedrykk, seier Frank Abelseth.
I den komande kampen på fredag, er GrannKam i utfordrarposisjon når laget reiser til Karmøy for å møte topplaget Torvastad. Tipset om å ta poeng har nok ikkje sterke odds.