G19, 2. divisjon, avd. 04
Etne–Grann Kam Vindafjord (1-0) 3-0
Etne Stadion
1-0: Bjørn Klokkerstuen Kjellesvik
2-0: (sjølvmål)
3-0: Torbjørn Sævareid
Dommar: Per Annstein Aarvik
Gule kort:
Leif Vestbø (GrannKam Vindafjord)
Kristian Åsbø (GrannKam Vindafjord)
GrannKam Vindafjord fekk ei litt for tøff oppgåve onsdag, då dei møtte Etne på heimebane. Etne var aggressive og spela glitrande angrepsfotball i delar av 1. omgang. Grann Kam Vindafjord slit med trenarsituasjonen, og har berre hatt ei separat trening denne sesongen. Dette viste att i samspelet på laget. I tillegg mangla dei to av sine beste spissar, i Espen og Roger Vaka.
Stygg skade
Heilt i byrjinga på kampen fekk Robert Furdal på midtbanen til Grann Kam Vindafjord ein smell i hovudet. Etter nokre minuttar med spel, tok Frank Abelseth Furdal av banen.
— Han fekk seg nok ein hjerneristing. Også etter kampen var han ustabil. Han huska ikkje alt som hadde skjedd og var litt svimmel. Faren tok han med til legevakta etter kampen, seier Frank Abelseth.
Fortent siger
Etne fekk sitt første mål berre eit kvarter ut i kampen. Bjørn Klokkerstuen Kjellesvik lurte ballen fint forbi keeper. Det var tydeleg at GrannKam Vindafjord ikkje hadde angrepsspelet på topp. Laget hadde ikkje mange målsjansane i løpet av kampen. Til pause var stillinga 1 -0 til Etne. Berre to minuttar ut i andre omgang auka Etne leiinga til 2- 0. Det skjedde ved at Etne pressa godt framover, og då GrannKam Vindafjord –keeper Aleksander Helland skulle klarera, skaut han ballen rett inn i sin eigen forsvarar slik at ballen gjekk inn i eige mål. Etter ein del kriging på midtbanen og nokre målsjansar til Etne midt ut i 2. omgang, slapp heimelaget litt taket i kampen, og bortelaget overtok. Heilt på slutten tok heimelaget att føringa, og avslutta kampen på flott vis. Berre to minutt før slutt spela Jon Inge Birkenes nydeleg i gjennom til Arve Ribesen og Torbjørn Sævareid føre mål. Etter litt att og fram klara til slutt Torbjørn Sævareid å lura ballen forbi Aleksander Helland. Etne vann fortent 3–0.
Ei utfordring Etne–laget har er å halda intensiteten og engasjementet oppe gjennom heile kampen, sjølv om dei leia komfortabelt med to mål gjennom nesten heile 2. omgang, slappa laget litt for mykje av innimellom.