Varg i veum!

Av og til treng folk å bli verna mot seg sjølve. Dette er og teke […]

Av og til treng folk å bli verna mot seg sjølve. Dette er og teke inn i pressa sin «Ver varsam-plakat». Hotelleigar Asbjørn Moe i Etne ser tydelegvis ut til å vera ein slik person.
Berusa av sin eigen suksess trampar han inn som ein elefant i glasbutikken, att ligg knuste kjensler og folk flest er mållause.
Ein skal prioritera nøye kva ein skal ergra seg over, sa Hanna Kvannmo. Oppslaget i Grannar har i dag fylt meg med slik «heilag vreide» at eg har ikkje opplevd liknande sidan Otto Jespersen let ein av figurane sine spy i døypefonten i ei kyrkje. Einast George W. Bush greier å få fram dei same kjenslene når han set dei uintelligente augene sine på deg frå TV-skjermen og seier «God bless America», etter at bildene av soldatane hans, som smilande torturerer irakiske fangar, har flimra forbi. Men sjølv han har ikkje fått meg til å bruka ei natt på eit avisinnlegg. Det har du greidd, Asbjørn Moe. Gratulerer!
Eg høyrer til mellom dei som går oftare på fest og restaurant enn til kyrkjes. Eg har eit tvisynt tilhøve både til fest og til religion; begge deler kan få fram både det beste og det verste i folk.
Det er like stort gap mellom den glade familien som ber sitt barn til dåpen og dei fanatiske statsleiarane og terroristane som drep i Guds namn, som det er mellom den glade venneflokken som feirar eitkvart med musikk, god mat og godt drikke og det brølande fylleslagsmålet bakom ungdomshuset.
Respekten for religion er på nedtur, i takt med auken i dei verste utslaga han kan få. Men eg trur at folk eksempelvis greier å sjå skilnad på politisk kristendom, politisk jødedom og politisk islam og for den del, Knutby-pastoren, og den ærlege trua som rår mellom vanlege folk i alle religionar.
Ei slik ærleg tru har til no rådd grunnen mellom folk i Etne så vel som i Betlehem og Blikrabygda.
For tre veker sidan var eg i Gjerde kyrkje i høve bryllup, og fekk god tid til å studera interiøret, med sine veggmalerier, utskjeringar og antikk heilagdom. Ei kyrkje der Etnebuen gjennom århundra har delt sorg og glede, undring og dogmer med kvarandre.
At ein kulturlaus og ignorant hotelleigar i det heile teke kan koma på å gjera ein slik ærverdig kulturskatt av ei gamal kyrkje om til festlokale, går over min forstand, og truleg langt inn i presten sin.
Du har med ditt utspel gjort valdtekt på folk sine kjensler, Asbjørn Moe. Men økonomi ser ut til å bety mest for deg, som det gjer for så mange andre i dagens samfunn.
Dalai Lama seier i ei av bøkene sine at ein skal sjå på sin verste fiende som sin største læremeister. I og med at eg ikkje kjenner deg, kan eg ikkje seia at du er min fiende. Du kan vera ein triveleg kar for alt det eg veit. Men her har du gått for langt og på den måten er du min læremeister.
Her er lærdommen: Trø forsiktig når du rører ved folk sine kjensler. Hovmod står for fall.
Sjøl ein finsnikkar må stundom slå i hop ei stutagrind, gjerne med natta til hjelp.
Takk skal du ha for å ha vekt engasjement hos meg og andre.

Åsmund Kalstveit
Øvre Vats