Variert med høgt nivå

17 scene- og videoinnslag og 13 kunstinnslag inneheldt Ungdommens kulturmønstring (UMK) dette året, og stemningen […]

17 scene- og videoinnslag og 13 kunstinnslag inneheldt Ungdommens kulturmønstring (UMK) dette året, og stemningen var god og kvaliteten høg på innslaga. Det er konklusjonen etter årets utgåve av UMK.
Dette var tredje gongen kulturmønstringa vart framførd saman med Ølen, men til neste år blir mønstringa arrangert under ein kommune, nye Vindafjord.
Kulturleiar Eva Kalstveit opna kulturmønstringa med å seie at dette ikkje var noko konkurranse, men ei mønstring der folk kan få vise det dei held på med. Kalstveit er godt nøgd med årets kulturmønstring der kring 75 deltakarar deltok.
— Deltakarane er svært kreative, og det er tøft å kome her å framføre, sa ho. Ho er også glad for desse bakmennene som jobbar med kulturmønstringa, og som kjem tilbake kvart år.
— Dette viser at dei brenn for arrangementet. Mønstringa i Vindafjord som til neste år vil feire 20 års jubileum, har hatt veldig høgt nivå dei siste åra. Fire år på rad, utanom i fjor, har innslag kome heilt til landsfinalen, som blir arrangert i Trondheim.

Variert program
Årets mønstring opna med ein film som hadde tittelen «Unemployed». 17 år gamle Kristian Lygre som for tida går på medielinja i Sandnes laga filmen om ein nisse og den tøffe kvardagen hans. På skulen og i fritida bruker han mykje tid på å redigere og jobbe med film, noko som han også kunne tenkt å jobbe med vidare i framtida.
Det var også to andre filmar som vart presentert av fjortenåringar frå Ølen. Vidare innslag var det stor breidde på. Dans, musikk, song og sketsjar vart framførd på høgt nivå. Anders Vaka (17) frå Bjoa viste også talentet sitt innanfor piano og song, med songen «Barnemenneske» av Bjørn Eidsvåg.
Ine Kleivland frå Skjold var med på Hip Hop dans saman med tre andre jenter, og framførde ein song etterpå. Saman med rektor ved kunst- og musikkskulen i Vindafjord, Frode Lindanger på piano, song hu «I will always love you» av Dolly Parton.
Av kunstinnslaga var det 13 bilete. Oda Isene (10) var ei av dei tre som hadde stilt ut sitt kunstinnslag, med måleri av hanar og høner.

Stort potensiale
Bandet «Question Mark» som består av fem ungdommar frå Vikedal har nå vore med på UKM i fleire år. Bandet som består av Sveinung Holten Leifsen (12), Daniel Holten (12), Lene Kristin Mo (12), Hanne Lillemo (12) og Even Opsal (11) framførde «One» av U2.
— Det gjekk bra i kveld, og me er godt nøgd med framføringa vår, seier Sveinung H. Leifsen. Nesten kvar dag den siste tida har dei stått på og øvd til kulturmønstringa, med hjelp frå foreldre og søsken. Sidan desse er under tretten år, får dei ikkje høve til å få kome vidare til ei fylkesmønstring.
— Men me spelar igjen til neste år, så då kan det vere me kjem oss vidare, seier Daniel Holten som nå er med for fjerde året på rad I UMK. Til sommaren vil dei også kanskje ha ein dagsopptreden på Rootsfestivalen i Vikedal.

Revyinnslag vidare
Niandeklassen frå Vikedal skule framførde i fjor haust revy. Fire av sketsjane deira tok dei med seg til Vindafjordhallen for å framføre dei for ein fullsett sal fredagskveld. Juryen var så godt nøgd med sketsjane «Bonanza» og «Drill» at dei kom vidare til fylkesfinalen i Sandnes i mars. Ine Kleivland med songen «I will always love you» gjekk også vidare til fylkesfinalen.
— Me er godt nøgd med det som vart framførd i kveld, men det har vore vanskeleg å ta ut dei som skal vidare til fylkesfinalen. Me er glad for at me får sendt vidare tre varierte innslag med dans, song og sketsj, seier Kenneth Sørtveit som sat i juryen. Frå Vindafjord kom også biletet «Sjokolade» av Silje Hafstad Stokka vidare. Frå Ølen kom eit sceneinnslag og eit kunstinnslag vidare. Anders Vaka med sin song «Barnemenneske» og Torbjørn Lunde med sitt bilete «Green Blades».