Varm klem til ordføraren

— Eg har jobba mykje med Hanne Krogh, fortel Inger Karin Larsen Nerheim, ny medeigar […]

— Eg har jobba mykje med Hanne Krogh, fortel Inger Karin Larsen Nerheim, ny medeigar og dagleg leiar ved hotellet.
Saman me dei fem andre i den nye eigargruppa til Skånevik Fjordhotel, ønskte ho velkomen til opningsfest laurdag kveld. Slekt, vener og samarbeidspartnarar stod på gjestelista. Til stades var også gjester heilt frå Finland, Estland og Polen, som Nerheim har samarbeidd med i eit EU-prosjekt.
Hotellet blei høgtideleg opna med champagne og snorklypping, før dei kring 100 gjestene sette seg til bords for å nyte maten som kokk Peggy Molnes hadde laga.
Haugesundsgruppa «Ein.. og to» opna med musikalske innslag, før høgdepunktet og overraskinga denne kvelden, Hanne Krogh, følgde opp med meir musikk. Ho starta med «Mellom bakkar og berg», fordi ho synst kvelden fortente ein nasjonalsong. Ho heldt fram med å lese Kolbein Falkeid, før artisten plukka meir av sitt rike songrepertoar. Ho fortalde også frå familiesoga si, som har forankring både i Etne og Haugesund. Hanne Krogh skapte stor feststemning og fekk gjestene til å svinge seg då ho like gjerne slo til med Grand Prix-slageren «La det svinge». Men fram for alt gratulerte ho samarbeidspartnar og ven Inger Karin Larsen Nerheim med dagen.
— Eg kjenner det litt som at eg har flytta hit i dag eg og. Får bygda like god erfaring med Inger Karin som eg har hatt, kan dei berre gle seg, slo Hanne Krogh fast.

Får stadig innspel
På talarlista stod mellom andre ordførar Amund Enge og psykiater Ståle Tungesvik, som gav godord og delte ut bokgåver.
— Me har venta på dette lenge. Endeleg er det lys i vindaugo igjen. Me set pris på at det er nokon utanfrå som har tru på bygda, sa ordføraren.
Dei nye hotelleigarane har allereie kome eit stykke vidare med planane for den framtidige drifta, etter at dei kjøpte hotellet like før påske.
— Me ønskjer å etablere eit leiar- og bedriftsutviklingssenter, fortel Nerheim.
— Me jobbar også med eit helseprosjekt, og me får stadig innspel på nye ting. Me har laga ein strategiplan, og blir nøydde for å setje fokus på noko, så me ikkje gapar for vidt, held ho fram.
Ho fortel at ho ønskjer å få til ein heilskap, ved å spele på det som alt finst i bygda.
— Eg har sans for kulturelle arrangement. Dette er jo også ei festivalbygd, legg ho til.

Stort nettverk
Det travle hotellvertskapet hadde nye folk på gjestelista i går.
— Sundag kjem heile bygda på kaffi og kaker, fortel Nerheim.
Ho har allereie erfart dugnadsanda i Skånevik, og skryt av den.
— Folk har vore hjelpande her heile tida, framhevar ho.
Nerheim har stor tru på den nye eigargruppa ho er del av. Stordabuen har med seg ektefelle Leif Kåre Kaldestad frå Kvinnherad, bror Lars Inge Larsen, som har base i Stavanger, Kjetil Nedreskår frå Tysvær, i tillegg til ekteparet Gro Aasheim Bøthun og Øyvind Bøthun frå Skånevik.
— Saman har med eit vanvittig netteverk, slår Nerheim fast, før ho går tilbake for å servere dei feststemde gjestene.
Festen laurdag blei avslutta med takk for maten-tale, før det var open bar og dans.