Varme og sol på opningsdagen

Etne Musikklag spela inn opninga på kvelden med songen «The final countdown» som markerte at […]

Etne Musikklag spela inn opninga på kvelden med songen «The final countdown» som markerte at nedteljinga til den 26. Etnemarknaden endeleg var over.
Sola pryda starten på årets Etnemarknad og varmen sette seg godt ut over dagen. For å letta litt på det varme trykket var det mange som tok seg luftige svev i karusellar, medan andre sette seg i Bondestova med kjøleg drikke.
Ved inngangen stod ordførar Amund Enge med ein mindre gris som skulle grillast og delast ut til dei forbipasserande utpå formiddagen.
– Det er eit ekte Etne-produkt, den kjem til å bli knallgod, seier Enge medan han smørjer grisen inn med grillolje.

Gledeleg opning
Marknaden har hatt for vane å henta inn kjende stortingsrepresentantar til å opna folkefesten, blant anna har Jens Stoltenberg og Erna Solberg stått for opninga dei siste åra. I år fekk statssekretær i Samferdselsdepartementet, Steinulf Tungesvik frå Skånevik, æra av å opna den 26. Etnemarknaden. Med fleire gode historier frå Etne og Skånevik opna han marknaden med humor og glede. Opninga torsdag kveld vart avslutta med rockeveteran Terje Tysland som spela eit utval av sine beste songar gjennom karrieren.