— Det var kona som såg røyken. Vi tok med oss mobiltelefonen for å sjekke nærmare. Deretter melde vi frå om brannen, fortel Bernt Øystein Stokke frå Avaldsnes.
Alt dette skjedde rundt klokka 15.00 søndag ettermiddag. Brannen utvikla seg med stor fart nordover og tok også over riksvegen ved Hauge og deretter til Gangstø. Flammane herja i stor fart både mot nord og vest.
Slikka av flammane
— Flammane slikka rundt terrassen og utedoen. Eg var heilt sikker på at hytta skulle gå opp i flammar, fortel han.
— Det var innsatsen til brannmannskapet og ikkje minst bønder med gjødselvogner som berga oss. Vatnet dei sprøytte over her hindra at flammane fekk tak i bygningen. Dessutan snudde kanskje vinden litt, seier Stokke.
Etter at brannen var meldt, pakka Kristin Vold ungane i bilen og køyrde dei til Isvik. Bernt Stokke var ved hytta til 01.00 og kom tilbake måndag morgon. Han sjekka heile tida rundt hytta med tanke på flammar som kunne blusse opp igjen.
Varsla brannen – berga hytta
— Det var kona som såg røyken. Vi tok med oss mobiltelefonen for å sjekke […]