Flammane var berre få meter frå nabohuset der Jan og Marie Tindeland bur.
— Flammane var 20-30 meter frå huset til sonen min Jan og familien. Det var vemmeleg å oppleve og vi var ikkje trygge for at hus kunne gå tapt. Det var heller ikkje noko kjekt å måtte flytte ut av huset. Det var ingen her i tunet som blunda den første natta, seier Gerhard Tindeland.
Det var fleire hus og hytter på Tindeland og Gangstø som vart evakuerte søndag kveld.
Blussa opp igjen
— Det blussa opp igjen bak huset midt på dagen på måndag. Det var ikkje noko kjekt. Heldigvis vart det sløkt raskt. Etter det har vi følt oss trygge. Men det var ikkje kjekt å vite at brannen var på veg andre stader der det bur folk. Men det ser ut til å gå bra, sa Tindeland på tysdag.
Innsatsbasen for sløkkjearbeidet var rett ned på jordet og Gerhard Tindeland har følgt med på det som har skjedd. Med alt frå brannvesen, politi, Sivilforsvaret, Heimevernet, forskjellige helikopter og gjødselvogner i skytteltrafikk.
Skog tapt
— Eg er imponert over det som har blitt gjort frå alle kantar. Bøndene med gjødselvogner trur eg har stor betydning, seier han.
Sonen Jan Tindeland har 600 dekar produktiv skog i området som er brannherja.
— Vi veit ikkje kor mykje som er gått tapt enno, seier Gerhard Tindeland.
Han har opplevd fem skogbrannar i området rundt Tindeland opp gjennom åra. Men det har berre vore småbrannar samanlikna med flammehavet som herja frå søndag ettermiddag.