Vårt forhold til Ordet

Evangeliet som vert lese 1. Juledah, seier slik: I opphavet var Ordet, og Ordet var […]

Evangeliet som vert lese 1. Juledah, seier slik: I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. Det er Jesus dette vert skrive om. Gud har stige ned til jorda julenatt i sin son Jesus Kristus. Levd menneskelivet og døydd som ein forbrytar på Golgatakrossen. Så mykje måtte det til for at eg skulle koma til himmelen.
Så høyrdest tre ord frå Jesu munn: «Det er fullført.». Meir innhaldsrike ord er vel ikkje sagt på denne jord.
Paulus seier: For Guds nåde er openberra til frelse for alle menneske. Alt det som Jesus er og har gjort, vert godskrive den som trur på Jesus. Ordet om Jesus er knutepunktet mellom oss menneske og Gud. Korleis er det med oss som lever i dag? Er me knytta til Ordet med heile vårt liv? Songen seier: «Det er Ordet om korset du trenger min venn, ja ordet om korset, igjen og igjen. Er ord fra de lepper som taler din sak. Det Ordet du trenger i dag.»
Til offiseren Cornelius i Cæcarea vart det sagt av ein engel frå Himmelen: Du skal henta til deg Peter. Han skal tala ord til deg som skal verta til frelse for Cornelius og huslyden hans. Medan Peter taka Ordet, fall Den Heilage Ande på alle som høyrde Ordet. For oss er det og Ordet som er viktig. Ordet om det Jesus har gjort for oss.
Det er ikkje underleg at profetien om Jesus i Esaias 53 har vore til hjelp for mange. Men han vart såra for våre brot og sundbroten for våre synder. Straffa låg på han, så vi skulle ha fred, og ved hans sår har vi fått lækjedom. Herlege ord. Truverdige ord.
Så seier Jesus til jødane som var komne til tru på han: Vert de verande i Ordet mitt, er de rette læresveinane mine. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie. (Johannes 8,31.)
Ser me kor viktig Ordet er i ein kristen sitt liv, Ordet om Jesus? Eit hovudord, Romarbrevet, er kapittel 1,16: For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde først og så grekar. Korleis er vårt forhold til Ordet, me som vedkjenner oss Jesus i dag?

Erik J. Grønstad